Dei 430 aksjonærane i Osterøy Ferjeselskap AS kan gå ei lys framtid i møte.
Det same kan dei som vil ta ferje sjølv om brua blir gratis.
BATTERIDRIVEN BØLGJEBRYTAR: I 2013 kan noko som liknar på dette bli å sjå i Sørfjorden. Elferja skal lada det 28 tonn tunge og 6 millionar kroner dyre batteriet ved kai på Valestrand 32 gonger for dagen og heile natta. Illustrasjon: Arkoconsult
— I tillegg til ein samfunnsøkonomisk gevinst ligg det også ein
driftsøkonomisk gevinst i dette konseptet som vi ønskjer å vidareføra til
andre samband, fortel Ove Normann.
Han er teknisk sjef i Osterøy Ferjeselskap AS (OFS) og leiar for «Heilt
elektrisk» - prosjektet som ein håpar skal munna ut i elektrisk ferje mellom
Valestrand og Breistein.
«Utruleg interessant»
Osterøybrua er ferdig nedbetalt i oktober 2014, og mange fryktar for framtida
til ferjesambandet. OFS, som er eigd av fleire hundre småaksjonærar,
argumenterer med at ei eventuell nedlegging av strekninga vil gi negative
konsekvensar for bustadprisar og næringsverksemd i valestrandsområdet, noko
som på sikt vil verka inn på heile kommunen.
— Dessutan blir det vanskeleg for Skyss å oppretthalda eit godt
kollektivtilbod utan ferje, meiner Normann.
OFS har no bestemt seg for å freista å erstatta M/F «Ole Bull» med ei
elektrisk ferje. Men offentleg stønad vert rekna som ein føresetnad både for
å få drifta til å gå rundt og som ein tryggleik for nye private investorar.
OFS er godt i gang med arbeidet for å sikra seg tilskot. Selskapet var
tidlegare denne månaden i møte med fylkesordføraren, og har inne ein søknad
på 4,3 millionar kronar om driftsløyvingar i fem år.
— Både kommunepolitikarane og fylkeskommunen synest det er spenstig og kallar
det eit utruleg interessant prosjekt. Om vi får denne stønaden kan vi vera
sikre på at vi har dei nødvendige midlane dersom vi til dømes må ta ut ferja
av drift for å gjera endringar eller reparasjonar. Dette er jo eit
pilotprosjekt, påpeiker prosjektleiar Normann.
Treng 35 mill.
Dei offentlege pengane skal gå til drift. Ferja kostar 95 millionar kroner å
byggja. Ho skal etter planen finansierast med 12 millionar som selskapet
sjølv har i eigenkapital, eit lån på 48 millionar, og 35 millionar frå
private investorar. No startar ei ambisiøs pengejakt.
— Vi håpar å kunne bidra samfunnsøkonomisk med eit lønsamt prosjekt, og håpar
at det er private investorar som ser det same, seier Normann, som vil leita
både lokalt og nasjonalt etter moglege investorar.
— Vi håpar nokre lokale går inn med delar av dei 35 millionane. Lukkast dette
prosjektet, kan det få ringverknader for heile Vestlandet. I tillegg til at
den elektriske ferja er miljøvenleg, er ho også langt billegare i drift
grunna bortfallet av dieselkostnadar. Potensialet er veldig stort.
Valestrand-Breistein er ei veldig krevjande strekning. Klarar vi denne, så
kan vi klara meir enn 40 andre strekningar i Noreg. Då kan vi driva butikk
samstundes som vi betrar miljøet, seier Normann.
Blir ikkje dyrare
— Det kan medføra pengar i kassa også for dei 430 som eig aksjar i selskapet i
dag?
— Ja. Når bygda gjekk saman i 2004 var målet å gå i null. Men vi har etter
kvart gått veldig i pluss, og kan med dette koma til å gå endå meir i pluss,
seier Normann, som også går langt i å lova pendlarane og andre ferjekundar
at takstane vil bli dei same sjølv med ei ny ferje til nesten 100 millionar.
— Vi skal prøva å halda takstane uendra. Vi får det vanskeleg nok med å
behalda trafikken når brua blir gratis, trur prosjektleiaren.