— No er vi i gang, seier Nav-sjef Vigleik Kalland til Bygdanytt litt over
klokka 15.30.
Fiberproblem
Problem med ein fiberkabel som oppsto torsdag ettermiddag førte til
internettmangel på Osterøy. Og problem med telefonlinjene.
Tre mobile basestasjonar på Osterøy hadde redusert effekt. I tillegg var dei
som har fastnettbreiband utan internett.
-Kunne blitt katastrofalt
Nav-sjef Vigleik Kalland seier dei har hatt store problem med telefonane og
internett. Mangelen sat heile Nav-kontoret på rådhuset ut av spel.
— Datasystemet vårt er nede. Det kunne ha blitt katastrofalt, men heldigvis
har vi eit naudsystem som gjer at folk kan få pengane sine. Kundane har
ikkje fått den hjelpa dei skal ha, sa Kalland til Bygdanytt tidlegare i
ettermiddag.
No er altså systemet oppe og går att.
— Då får alle som har behov for Nav sine tenester tilgang til dei måndag?
— Det gjer dei, seier Kalland.
-I orden
Problema gjorde seg gjeldande på heile Osterøy. Rådmann Odd Ivar Øvregård
stadfesta at det hadde vore store telefonproblem på rådhuset.
No er altså feilen retta.
— Ja, det skal ha vore i orden frå litt før halv eitt. Vi måtte rekvirera meir
kabel, difor tok det lenger tid enn venta. No er både fasttelefon, internett
og mobil, som det også har vore dekningsproblem på, i orden, seier
informasjonssjef Per A. Meling i Telenor.