Vil ha meir politisk
engasjert ungdom



AUF er nær einerådande i politisk ungdomsarbeid på Osterøy. No vil dei ha konkurranse.


Klikk for større bilde
 - Lars Sveinung Lid
TIL UNGDOMMEN: Onsdag vitja Osterøy AUF klasse 9 GH på Osterøy ungdomsskule. Ingen av elevane er med i ein politisk ungdomsorganisasjon.
Foto: Lars Sveinung Lid


Publisert: 27. apr. 2012, 10:32
Oppdatert: 27. apr. 2012, 10:32


«Er det berre gamle grå menn som engasjerer seg?»

Spørsmålet lyser mot klasse 9 G på Osterøy Ungdomsskule. Dei tre AUF´arane framme ved tavla, Andrea Hartveit, Henrik Drangevåg og Nikolas Dale Skjerping, prøver å avkrefta denne myta.

-Bry dykk
AUF på Osterøy køyrer i desse dagar ein kampanje retta mot ungdomsskuleelvar, for å få dei meir opptatt av politikk. Onsdag besøkte dei i alt fire niandeklassar med bodskapen om at det nyttar å engasjera seg.

— For min del var det læreboksituasjonen her på skulen som fekk meg inn i politikken, fortel leiar i Osterøy AUF, Andra Hartveit, og minnest kampen i 2010 som blei krona med siger året etterpå.

— Når ungdom betalar bussbilletten, er det nokon som har bestemt prisen. Politikk handlar om heilt grunnleggjande ting som påverkar liva våre. Det er viktig at ungdom ser at det nyttar å engasjera seg, og her har også politikarane på Osterøy eit ansvar. Dei må visa at dei tek ungdomen sine initiativ på alvor – sjølv om dei ikkje alltid er heilt einige.

-Nær einerådande
AUF på Osterøy har i dag 80 medlemmer. Nokre av desse er frå Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen (tidlegare Nordhordland AUF), men Andrea Hartveit reknar med at rundt 50 - 60 har postadresse på Osterøy. AUF er i alle høve det dominerande partiet i det politiske ungdomsmiljøet i kommunen.

— Vi ønskjer oss engasjert ungdom, og gjerne med andre politiske meiningar enn oss sjølve, fortel Hartveit.

— Faren er at ungdom blir likesæle om det ikkje er politiske debattar om saker dei bryr seg om. Det går også an å engasjera seg gjennom humanitære organisasjonar som Kreftforeininga, Norsk folkehjelp eller liknande. Det viktigaste er at ein bryr seg.

-Bruk lokalavisa
Hartveit meiner at politisk engasjerte ungdommar bør vera langt meir synlege enn kva som er tilfelle i dag.

— Lokalavisa er ein flott arena å få fram politisk bodskap på, gjennom lesarinnlegg - eller å be om redaksjonell omtale av saker ein synest er viktige.

AUF-leiaren ønskjer seg også debattar og politiske møte ungdomspartia imellom.

— I dag er vi ikkje mange nok til å spegla eit breitt politisk spekter av synspunkt. Det hadde vore kjekt om fleire ungdomsparti kom på bana. Då hadde det blitt enklare for ungdom å ta eit val. Og så treng vi litt konkurranse. Utan debatt blir ungdom likegyldige.

Måtte gå ein runde
Kontaktlærar i klasse 9 GH er høveleg nok venstremannen Geir Iversen. Han fortel at skulen tok ein runde på kor lurt det var å sleppa AUF til i undervisningstida, men konkluderte med at eit slikt initiativ også var mogleg å gjera for andre politiske ungdomsorganisasjonar.

— I tillegg er ikkje dette eit vervingsmøte til AUF, men ei orientering om demokrati og engasjement, og det er viktig uansett kva parti du tilhøyrer.

Tilfelle 9 GH
Etter at AUF-gjengen har hasta vidare til neste klasse, spør vi 9 G om nokon av dei er medlemmer i ein politisk ungdomsorganisasjon, men ingen av dei 26 elevane rettar opp handa. Kva saker dei bryr seg om? På tavla dukkar det opp tema som velutdanna lærarar, meir tid i idrettshallen, leksefri, fritak frå RLE og betre kollektivtilbod.

— Eg kunne eigentleg tenkja meg å engasjera meg i politikk, fortel ein av elevane, Bianca Skår.

— Men kvardagen er full som den er.

Iversen har lang erfaring som lærar, og trur det politiske engasjementet også handlar om modning.

— Desse elevane er 14-15 år gamle. Mykje vil nok skje i løpet av det neste året.

Berre AUF og Senterungdommen

Etter det Bygdanytt kjenner til er det, i tillegg til AUF, berre Senterungdommen som har lokallag på Osterøy. Dei har seks medlemmer. Korkje FpU, KrFU, Unge Høgre eller Unge venstre har i dag fungerande lokallag i kommunen.

Heradstyrerepresentant for Senterpartiet, Fredrik Bakke, er samd med AUF i at det er for dårleg rekruttering i dei politiske ungdomsorganisasjonane.

— Det burde vore eit ungdomslag i alle politiske parti i kommunen.

Bakke medgjev at hans parti ikkje har noko strategisk satsing på rekruttering av ungdommar, men ivrar for at det skal opprettast eit ungdomsråd i kommunen.

— Det er eit forslag frå sentralt hald at eit slikt ungdomsråd skal bli obligatorisk i alle kommunar.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt