Fekk nesten fem millionar for Arna-leilegheit



Sidsel Sivertsen selde fredag leilegheita si i Garnesvegen for om lag 54.000 kroner per kvm. Snittet i Bergen er 36.000. — Marknaden er ekstremt bra, konstaterer meglaren.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
REKORDGLIS: Dei har nesten like stor grunn til å smila over rekordprisen, både bustadeigar Sidsel M. Sivertsen og meklar Kim Stavang Olsen. Kvm-prisen på 54.000 kroner er truleg ny rekord i Arna.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 04. sep. 2012, 09:12
Oppdatert: 04. sep. 2012, 09:20


Det er den siste tida selt bustader i Arna som har gått for godt over fem millionar kroner, men desse har vore monaleg større enn den Sidsel Mølmesdal Sivertsen eig i Arnavågen Park i Garnesvegen. Med eit samla primærareal på 87 kvm må 4.750.000 kroner vera ny prisrekord i Arna.

-Fleire faktorar
Eigedomsmeklar Kim Stavang Olsen i Eiendomsmegler Vest rekna med ein marknadspris på kring 4,2 millionar. Men han er ikkje særleg lei seg for at han bomma.

— Eg vart litt overraska over at prisen gjekk så høgt som ein halv million over dette, og eg trur det er fleire faktorar som speler inn her. Først og fremst er det plasseringa, som er perfekt. Det same gjeld storleiken. Andre bustader med tilsvarande plassering har gått for ein langt lågare kvadratmeterpris fordi dei har vore for små for mange potensielle kjøparar. Også dei andre kvalitetane var på plass i denne bustaden. Dette er rett og slett ei leilegheit som har alt. Når Arna i tillegg har stor mangel på slike, seier det sjølv at mange er interesserte, seier Olsen, som håpar det snarleg kjem fleire prosjekt nær togstasjonen.

— Vi ser at marknaden for denne typen bustader er ekstremt bra i Arna, og det har over lengre tid vore mangel på slike objekt. Det skulle dette salet vera eit bra prov på, legg han til.

50 på visning
Og interessa for bustaden til Sidsel M. Sivertsen kan ein trygt seia var upåklageleg. Olsen hadde med seg 40 prospekt til visninga torsdag i førre veke, og det viste seg å vera ti for lite.

Spente vakna meklaren og eigaren opp til ein fredag som skulle visa seg å bli svært så god for dei båe. For tre av dei som kom på visning ville vera med og by, og alle hadde svært lyst til å kjøpa.

Fredag ettermiddag var bustaden selt.

Overraska
— Det gjekk svært raskt, og prisen eg fekk må eg medgje at eg vart litt overraska over. Eg kjøpte leilegheita i 2007 for knappe tre millionar kroner, så det har vore ei solid prisstiging desse fem åra.

— Eg har snakka med fleire som verka å vera skeptiske til prisen meklaren sette i annonsen, så eg trur ikkje det berre er eg som er overraska over prisnivået, smiler Sivertsen.

Vann loddtrekning
Då ho kjøpte bustaden av Block Watne, var det så stor interesse for desse husværa at det måtte loddtrekning til.

— Då nummeret eg hadde fått utdelt vart lese opp, var det nesten så eg ville jubla høgt.

— Er det litt vemodig å selja ein bustad som ligg så bra til?

— Ja, eg hadde håpa at nokon i familien min kunne kjøpa, men der var det ikkje så stor interesse for å flytta til Arna. Det er opp til dei, men eg meiner Arna er bydelen som har alt. Ikkje minst gjeld det når det er snakk om bustader som ligg i gangavstand til tog, buss og Øyrane Torg, seier Sivertsen.

Trur på Søndrål
Ho trur bustadprosjektet som mellom andre Ådne Søndrål står bak like ved nedlagte Indre Arna skule kjem på eit svært gunstig tidspunkt.

— Det er rett nok nokre år til desse bustadene er ferdige, men salsstarten er om ikkje mange månadene. Eg trur det vil bli stor interesse for dette tiltaket, og det er svært bra at bydelen får slike prosjekt. Eg håpar det kjem fleire av dei, for det er opplagt at mange er på jakt etter noko som ligg sentralt, seier Sivertsen.

— Og den gode prisen vart vel skikkeleg feira?

— Ikkje på annan måte enn at vi åt litt sushi og tok eit glas musserande vin til. Det smakte utmerka, forsikrar Sidsel M. Sivertsen.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt