Ein av dei prosjektansvarlege for «Nye Oleana», Gerda Sørhus, ser på den
første strikkemaskina som forlét lasteplanet og trillar inn på betonggolvet
i den gamle fabrikken.
Det er 40 år Arne fabrikker la ned tekstilverksemda si i Ytre Arna, og no skal
dei store hallane atter ein gong fyllast med maskindur.
Framtida tek form
Gerda Sørhus og ektefellen Steffen Fuglerud er neste generasjon som etter
planen skal ta over fabrikken nokre år fram i tid.
— Det er framtida som tek form her?
— Ja, det er det, smiler Sørhus.
— Vi har jobba med flytteprosessen i over eit år, og det er stort å sjå at det
faktisk skjer.
-Skrekkfilm
Tilhøva innandørs var ikkje noko å skryta av i fjor sommar.
— Det såg ut som ein dårleg skrekkfilm då vi var innom her på synfaring, og vi
var veldig spente på om det kunne bli så fint som vi ønskte. Det har det
blitt, konstaterer Sørhus.
Flyttinga måtte utsettast tre gonger i løpet av året, men torsdag var
overgangen frå den gamle til den nye tida eit faktum. Dagleg leiar i Oleana,
Kolbjørn Valestrand, fortel at dei har ambisjonar om å vera i gang med
produksjonen allereie måndag.
— Vi byrjar i dag, og reknar med å få alt på plass i løpet av helga, seier
han.
Panoramautsikt
Fabrikken er på over tre tusen kvadratmeter, og alle dei fire etasjane er
nyoppussa. Første etasje er firedelt, med ei museumsavdeling drive av Ytre
Arna historielag, J.E.S.industrisøm, eit besøksområde med butikk, og til
sist vonar dei å få til ei kantine som skal nyttast både av tilsette og
besøkande.
— Liknande sjøutsikt skal du leita lenge etter, smiler Valestrand, og kikkar
ut eit av dei mange panoramavindauga like over bølgjeskvulpa.
— Vi håpar å få laga ei brygge her, slik at folk kan gå utandørs.
I andre etasje er det strikkeri, saumsalen held til i tredje, medan fjerde
etasje skal brukast til kontor og lager. Kvar av etasjane er på 800
kvadratmeter, og salane er opne, som dei var for 100 år sidan.
Vil varma fabrikken med sjøen
Fabrikken arbeider med å få bruka sjøvarme til oppvarming. Golva i første
etasje har golvvarme, medan resten av vatnet blir pumpa opp i radiatorar i
etasjane ovanfor.
— Får vi det til slik vi vil, skal varmeanlegget vil varma opp heile bygget,
slik at vi slepp elektriske omnar, fortel Valestrand.
I tillegg har fabrikken fått eit splitter nytt ventilasjonsanlegg. Britt
Mjelde og Marit Erdal, som pakkar ut symaskiner i saumsalen i tredje etasje,
merkar forskjellen allereie.
— Lufta i dei gamle lokala var ikkje av den beste, fortel Mjelde.
— Her er det mykje betre luftkvalitet. I tillegg blir lystilhøva noko heilt
anna. Det skal bli spennande å koma i gang.
Endeleg heime
Nede i andre etasje ser Kolbjørn Valestrand at dei fire første
strikkemaskinene er komne i hus, og nye flyttelass ventar.
— Kva har alt dette kosta?
— Vi har nok brukt minst ti millionar på denne oppussinga. I tillegg kjem
leiga til Arna Næringspark, så det er ei stor investering for oss, dette –
men vi trur det skal svara seg.