— Det er ingen logikk i at ein billett Arna-Bergen kostar så mykje som 33 kroner når bussen kostar 24 kroner, seier arnabuarane Sigmund Olsnes og Svein Harkestad.
Eirik Boge
Olsnes sit i fylkesutvalet for Arbeidarpartiet, medan Harkestad lenge har kjempa for eins takst for all kollektivtransport i Bergen kommune. No ventar dei spent på svaret frå departementet etter at fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i førre veke kravde lik takst for «Arnalokalen» i eit brev til samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Vil følgja opp
At fylkesordføraren no har vist interesse for å løysa saka, tykkjer Olsnes
er heilt på sin plass.
— Eg har tatt opp saka opp i fylkesutvalet fleire gonger det siste året, og kan med handa på hjartet seia at brevet frå fylkesordføraren ikkje hadde kome om eg ikkje hadde etterlyst saka. Då eg purra på saka under eit møte i juni, blei eg fortald at brevet ville koma. Eg har no fått svar og er glad for at Selsvold Nyborg ønskjer å rette opp i dette. Men eg kjem til å følgje det opp politisk, lovar Ap-politikaren.
— Treng folkeleg engasjement
Både Olsnes og Harkestad meiner brevet frå fylkesordføraren berre bør vera
starten i kampen for å endra staten sin politikk i høve NSB si prising av
togturen mellom Arna og Bergen.
— Det har altfor lenge vore ein litt for defensiv haldning hos togpassasjerane. Mange meiner nok at ettersom ein sparar tid gjennom Ulriken, er det greitt å betale litt meir. Det blir sjølvsagt heilt feil. Vi kan ikkje lenger finna oss i at vi subsidierer NSB sitt togtilbod andre stader i landet. Greier vi å skapa eit folkeleg engasjement hos dei som brukar toget, blir det langt lettare å få gjennomslag politisk. Det treng vi no, seier Olsnes og Harkestad.
Boikott eller underskrifter?
Dei to kollektivtransportforkjemparane meiner det er fleire måtar
togpassasjerane kan demonstrera på.
— Ein måte å seia frå på kan vera å få i gong ein underskriftskampanje, ein annan kan vera å boikotta toget. Om alle heller tar bussen til byen for 24 kroner, vil NSB merka at dei har fått konkurranse. Då kan prisen gå ned, meiner Olsnes, som i likskap med Harkestad meiner det berre er rett og rimeleg at togpassasjerar som reiser miljøvenleg, bør få betalt i form av låge prisar.
Dei to peiker også på at bybana vil få same pris som bussane i Bergen. At prisen på det fylkesordføraren kallar «Arnalokalen» ikkje blir lik, meiner Harkestad er heilt urimeleg.
— Ein togtur til Arna skal sjølvsagt ikkje kosta meir enn ein bybanetur til Nesttun. Vi må krevja same pris heilt til Trengereid. Eg meiner det er heilt naturleg at vi får same pris for ei reise innan heile kommunen. Altså at ein kan bruka sama billetten til 24 kroner og bruka overgang, uavhengig om det er Tide eller NSB, seier Harkestad.