Litterær debut X 2



Mange drøymer om å skriva si eiga bok, men ikkje mange får sjansen. Cesilie Holck og Erlend Kaasa lanserer begge si første bok denne hausten.


Klikk for større bilde
 - Eirik Boge
BOKSLEPP: Røynda i det fiktive landet «Norg» og ein ung mann sitt oppgjer med livsløgnene dannar utgangspunktet for debutbøkene til Cesilie Holck (29) og Erlend Kaasa (33).
Foto: Eirik Boge


Publisert: 18. aug. 2009, 10:57
Oppdatert: 18. aug. 2009, 10:57


- Å skriva er ein ganske einsam - og til tider vanskeleg - prosess. Difor er det spesielt å no sitja med den fysiske boka i hendene, og både føla og sjå at den faktisk er ferdig, seier Cesilie Holck (29), idet ho blar lett gjennom sidene i den rykande ferske boka til forfattarkollegaen, Erlend Kaasa (33).

Då ei av landets største aviser førre veke viste fram bokdebutantane som det norske folk bør få med seg i haust, var Holck og Kaasa med. I dag lanserer førstnemnde tekstsamlinga «Norg» på Aschehoug, eit av landets største forlag. I morgon reiser Kaasa til hovudstaden i samband med publiseringa av romanen «Thunder Road» på Samlaget. Etter mange lange nattetimar og uendelege tastetrykk, skal arbeidet deira endeleg opp i hyllene og ut til det norske folk.

- Det er sjølvsagt kjekt at boka no blir publisert. Den største augneblinken for meg var då eg opna brevet frå forlaget der det stod at eg var antatt, at eg blei tilbydt kontrakt. Undervegs har dei kome med verdifulle tilbakemeldingar, og det er sjølvsagt ein stor fordel å ha eit etablert forlag i ryggen som tar seg av marknadsføringa, seier Erlend.

33-åringen er busett i Indre Arna og til dagen er han medielærar ved Garnes vidaregåande skule.

Cesilie vaks opp på Arnatveit, men bur no i Bergen sentrum der ho held på med masterstudiet i filosofi. Hennar interesse for vitskapsfilosofi skin igjennom i debutboka.

- Kort fortalt handlar «Norg» om landet, tilstanden og supermakta «Norg», eit fiktivt land der innbyggjarane har ei sterk tru på at verda kan forståast ut frå vedtekne sanningar. I tillegg handlar det om patent på augestikkarar, blottarar og det som verre er, fortel Cesilie.

Av forlaget blir boka omtala som «eit litterært landskap som er vilt realistisk, absurd, poetisk, makabert, usaklig og kjølig refererande på ei og same tid». 29-åringen sjølv seier følgjande om debuten:

- Både språket og forteljarformen er noko alternativ, ja. Den som les boka, vil skjøna kva eg meiner. I høve tema er eg opptatt av retorikk og argumentasjon, og boka prøver på ulike vis å setja våre kollektive sanningar og tankesett på prøve, seier ho.

Kaasa på si side held seg til ei meir tradisjonell form, og har skrive boka si på nynorsk.

- Eg vil kalla ho ein klassisk erkjenningsroman, og tematikken kan knytast til både kjærleik, død, svik, uskyldsfall, brorskap og mannleg seksualitet, fortel Erlend.

Han er vaksen opp i Vinje i Telemark, men understrekar at romanen ikkje byggjer på eigne opplevingar, sjølv om miljøet er knytt til bygde-Noreg.

- «Thunder Road» handlar om Mattis, ein ung mann som opplever at sanningane og førestillingane hans av verda blir utfordra, og etter kvart blir velta over ende. Det er ei historie som tetnar til, og etter kvart mørknar, seier Erlend.

Tittelen på boka er og tittelen på ein song av den amerikanske artisten Bruce Springsteen, som har ein symbolsk funksjon i boka.

- Eg trur alle som vaks opp i bygde-Noreg på 1980-talet har eit forhold til Springsteen. Han var totempælen alle dansa rundt, og blir i boka eit symbol på det «konformitetslokket» som ein ofte finn på mindre stadar. Mattis utvikler ein del verdiar som bryt med denne Springsteen-dyrkinga og dei rådande verdiane i miljøet han lever i.

Sjølv om deira første bok no er å sjå i hyllene, ser verken Cesilie eller Erlend for seg at forfattarskapet kjem til å bli levebrød med det aller første.

- Eg trivst godt på skulen der eg jobbar, med gode kollegaer og kjekke elevar. Noko som i seg sjølv er eit godt argument for ikkje å vera forfattar på heiltid, smiler Erlend.

Cesilie på si side er allereie i gang med eit nytt bokprosjekt, men har samstundes planar om å fullføra filosofistudiet, i tillegg til å fortsetja å jobba som nattevakt ved ein institusjon i Arna. At boklanseringa no gjer at forfattarskapet går inn i neste fase som omfattar merksemd frå media og offentligheita, har dei to så vidt fått innstilt seg på.

- Det er veldig rart no å skulle gå frå skriveprosessen der ein er introvert, til å skulle driva marknadsføring av boka som i stor grad går ut på å vera ekshibisjonistisk, forklarar ho med eit smil.

- Kva om lanseringa brått gir kjendisstatus over natta?

- Nei, vi får gå nok i fred, svarer Cesilie og ler.

- I alle fall førebels, smiler Erlend.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt