Dette blir det største
fjøset på Osterøy



Svein Jarle Njåstad byggjer det største fjøset på Osterøy. Snart vil han stå for kvar tiande liter mjølk i kommunen.


Klikk for større bilde
 -  Sindre Øye Helgheim
GIGANT: Om kort tid jobbar Svein Jarle Njåstad (t.h.), Kjerstin Njåstad og Bogdan Duplaga i eit gigantisk fjøs. Foto: Sindre Øye Helgheim
Foto: Sindre Øye Helgheim


Publisert: 30. okt. 2009, 11:15
Oppdatert: 30. okt. 2009, 11:15


Det har gått raskt dei siste månadane på garden til Svein Jarle og og kona Kjerstin. I løpet av det siste halvåret har ein liten gigant av eit fjøs reist seg på bøen på Njåstad.

1400 kvadratmeter
Om endå fire månader skal alt stå ferdig. Då er dei 1400 kvadratmetrane ferdig innreia med båsar, mjølkerobotar og sjølvstyrt fôringssystem.

- Alt skal bli heilautomatisk. Kyr og kalvar er grupperte etter alder, og vert flytta lenger inn i fjøset etter kvart som dei veks. Fôret vert transportert med ein fôrutleggjar, og i eine hjørnet sørgjer mjølkemaskina for at kyrne vert tekne hand om opp til tre gonger i døgnet, seier Njåstad.

Han peikar og forklarer inne i det som så langt berre er eit tomt skal av eit bygg. Tak og veggar er på plass, medan stål og betong viser konturane av korleis golv og avfallssjakter vil gå gjennom fjøset. Tomme hol viser kvar store vindauge skal på plass, slik at sola kan syta for mykje av lyset innandørs. Frå taket bankar det i metall medan ein radio spelar amerikanske hits til arbeidet.

Mjølk til musikk
- Radioen kjem til å bli verande etter at arbeidet er ferdig. Kyrne skal også få musikk, det er så stille i fjøset elles, legg kompanjong og kone Kjerstin Njåstad til.

Dei to kjem, saman med deira einaste tilsette i Njåstad Samdrift, til å ha ansvaret for mellom 150 og 200 dyr i det nye bygget. Dette er i tillegg til dei rundt 400 grisane som held til i nabofjøset over vegen.

- Det er klart det er eit stort ansvar. Det går mykje tid med til ettersyn av så mange dyr i dag, seier Svein Jarle Njåstad.

No har han kyrne sine fordelte på tre ulike bygningar, noko som krev både tid og ressursar.

Med nytt storfjørs får han samla alle dyra på ein plass, og kan i tillegg auka talet på mjølkekyr. Av rundt 200 dyr kjem han til ei kvar tid til å ha mellom 60 og 70 kyr som produserer mjølk.

- Og vi er avhengige av full produksjon frå første dag. Difor har vi brukt tid på å byggja opp besetninga, seier Kjerstin Njåstad.

Størst på Osterøy
Og det er heilt klart at nybygget på garden deira blir stort. Størst faktisk, ifølgje landsbrukssjef i Osterøy kommune, Lars Johan Fjelde.

- Ja, dette blir vel utan tvil den største driftsbygningen på Osterøy. Mjølkeproduksjonen på Njåstad kjem til å bli såpass stor at når dei er i full drift vil dei stå for ti prosent av alle mjølkeliter i kommunen. Og det seier ganske mye, i det som ikkje er nokon liten landsbrukskommune i Hordaland, seier Fjelde.

På mjølk er Osterøy den sjette største produsentenen i fylket, på gris den sjuande største. I øykommunen er Svein Jarle Njåstad og selskapet Njåstad Samdrift størst på begge.

- Satsinga dei står for no er truleg også den største enkeltutbygginga i Hordaland. Når det gjeld gris, er det ikkje mange større i landet heller, så vidt eg veit. Samla står dei med andre ord for ein svært omfattande produksjon, seier Fjelde, som trur det også kan vera ein viktig inspirasjon for andre.

- Det er viktig med eit godt miljø for at folk skal tora å satsa. Når nokon går først, trur eg at andre vil ønskja å koma etter.

Men at dei på Njåstad i framtida kjem til å ha tre gonger så mange kyr som ein gjennomsnittlig mjølkebonde i Noreg, hevdar dei sjølve at dei ikkje tenkjer på.

Enklare kvardag
- Det er mange som spør oss om det, men for oss betyr det verkeleg ingenting. Folk trur kanskje også at dette er noko vi tener mykje pengar på, men skulle vi ha gjort dette for økonomien sin del, hadde vi gjort noko heilt anna, seier Kjerstin Njåstad.

- Vi byggjer på den måten som er best for oss, så får andre gjera det som er best for dei, seier Svein Jarle Njåstad.

Dei ser i staden først og fremst fram til ein enklare arbeidsdag.

- Vi får ein heilt annan fleksibilitet, for dette er jo noko som tar mykje tid i dag. No kan vi styra meir av tida vår sjølve, utan å vera avhengige av å sjå etter dyra eller mjølka kyrne til faste tider kvar morgon og kveld, seier Svein Jarle.

- Vi kan til dømes bli med ungane på arrangement eller køyra dei på trening utan å tenkja på å måtta stressa heim. Kyrne får det betre i det nye fjøset og vi får det enklare, seier Kjerstin Njåstad.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt