Opnar likevel ikkje sjukeheimsavdeling



Det står ikkje så bra til med Osterøy-økonomien som dei fleste trudde. No er det ikkje lenger nok pengar til å opna sjukeheimsavdelinga som har vore stengt sidan april.


Publisert: 27. nov. 2009, 10:43
Oppdatert: 27. nov. 2009, 10:47


Det var overraskande tal rådmann Odd Ivar Øvregård la fram for formannskapet tysdag. Det som i september såg ut til å vera god kontroll med utgiftene, og utsikter til eit hyggjeleg overskot i år, ser no ut til å rakna.

Skule og helse
Skulane vil få ein sprekk på over fem millionar kroner. Årsakene til dette er:

* Nye utgifter til fosterheimsplasserte born: 1,8 millionar kroner.

* Reduserte inntekter frå fosterborn som har flytta frå kommunen: 400.000.

* Nye elevar med rett til norsk2 og morsmålsopplæring: 100.000.

* Fysisk aktivitet på barnesteget frå 1. august -09: 200.000.

* Meirforbruk, undervisningsmateriell: 500.000.

* Inga innsparing frå arbeid med skulebruksplanen: 700.000.

* Spesialundervisning, manglande innsparing i høve til budsjettvedtak: 1, 4 millionar.

* SFO: 100.000.

Helse og omsorg sprekk med sju millionar kroner, og dette er innan følgjande postar:

* Helse: 1 million kroner.

* Sosial: 1,9 millionar.

* Barnevern: 1,9 millionar.

* Heimetensta: 1,55 millionar.

* Grøn omsorg: 500.000.

* Radøy, kjøp av tenester: 400.000.

* Osterøytunet: Positivt avvik på 500.000 kroner.

Ein del av dette tar kommunen igjen på auka inntekter innan finans, skatt og rammetilskot, samt lågare renteutgifter. Men samla vil Osterøy likevel få fire millionar kroner mindre til disposisjon enn ein har rekna med.

Slit med gjelda
Dermed kan det spøkja for planen om å betala ned 5,3 millionar kroner på det oppsamla underskotet i år. Dette vil igjen få konsekvensar for dei komande åra.

Rådmannen er no i full sving med å finna ut kvifor situasjonen ikkje var under kontroll, slik dei fleste trudde. Leiaren for pleie og omsorg, og ikkje minst oppvekstsjefen, er mellom dei som no må forklara seg.

Rådmannen fryktar for kva som kan bli konsekvensane dersom kommunen ikkje får betalt ned så mykje som planlagt på det oppsamla underskotet på 28 millionar kroner. Dette må etter lova vera nedbetalt i løpet av 2012.

Les også: Politikarane fekk bakoversveis av tala

Til etterretning
- Det er ingen tvil om at politikarane no skyv problema framfor seg med det budsjettet formannskapet går inn for. Eg trur det vil bli svært vanskeleg å få eit budsjett i balanse samstundes som kommunen skal betala ned på det oppsamla underskotet, seier Øvregård.

Rådmannen vil likevel ikkje kritisera budsjettforslaget, som etter alt å døma blir vedtatt av heradsstyret.

- Mi oppgåve er å koma med forslag til budsjett, og så er det opp til politikarane om dei vil gå inn for dette eller gjera endringar. Same kva budsjett som blir vedtatt, følgjer rådmannen dette lojalt opp, seier Odd Ivar Øvregård.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt