Styrer mot ny krise



Alle medlemmene i formannskapet fekk bakoversveis av dei ferske tala frå rådmannen. Ordføraren er kritisk til korleis alt kan endra seg så raskt.


Publisert: 27. nov. 2009, 10:42
Oppdatert: 27. nov. 2009, 10:48


Ordførar Kari F. Aakre (Ap) stiller seg særleg undrande til det som har skjedd innan oppvekstsektoren. Ho presiserer at det er lite å gjera med ekstrautgifter som følgje av fleire fosterheimsborn. Men at skulane bruker ein halv million meir enn dei skal på innkjøp av undervisningsmateriell og 1,4 millionar kroner meir på spesialundervisning, set ho eit stort spørsmålsteikn ved.

- Vi treng ei forklaring på kvifor det er brukt meir pengar på dette enn budsjettert. Det kan vera gode grunnar, men eg stiller meg undrande til at dette først vart kjent no, og ikkje i samband med rapporteringa i september, seier Aakre.

- Er kommunen komen i ei ny krise?

- Det som er sikkert er at drifta må ned. Ettersom vi ikkje greier å betala ned på underskotet så mykje som vi hadde planlagt, tyder det at vi kan få det svært vanskeleg i 2011 og 2012, seier Aakre.

- Er ikkje einaste veg ut av krisa å auka eigedomsskatten til seks promille?

- Nei, inntil vidare ligg skattesatsen fast på fire promille.

- Er det ikkje viktig å få opna sjukeheimsavdelinga som no er stengt?

- Det er vel den budsjettposten som står øvst på lista over det vi bør prioritera så snart det let seg gjera, seier ordføraren.

Skal opnast
Det einaste partiet som ikkje røysta for det nye budsjettet på tysdag var Frp, som vil leggja fram sitt eige forslag.

- Det er ikkje ferdig enno, men vi kjem til å prioritera svært høgt å opna den stengte avdelinga på Osterøytunet. Vi ønskjer heller ingen eigedomsskatt, men her får vi sjå om vi greier å koma i mål utan, eller om vi legg fram eit forslag som inneber ein nedtrappingsplan, seier Ragnar Tyssebotn.

Alvorleg
- Korleis ser du på den økonomiske situasjonen i kommunen no?

- Svært alvorleg. Det såg oppløftande ut, men det var sjølvsagt for godt til å vera sant. Vi har ikkje fått utdjupande informasjon om kvifor det har vorte slik, men det som er heilt sikkert er at noko må gjerast. Frp meiner difor at vi ikkje lenger kan venta med å henta inn anbod på pleie- og omsorgstenestene. Det blir billegare, og vi slepp ekstrautgifter i samband med høgt sjukefråvær, som delar av kommunen slit med. Vi er nøydde til å få situasjonen under kontroll, og det på permanant basis, seier Tyssebotn.

Budsjettet og økonomiplanen til fleirtalet ligg no ute til offentleg ettersyn, og alle som ønskjer det kan koma med innspel. Heradsstyret gjer endeleg vedtak i saka 9. desember.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt