Nedtrykte og skuffa



Etter nesten 40 år med å utdanna ungdom til å laga mat, er det slutt frå neste skuleår. Onsdag la fylkesutvalet ned matfaget ved Arna yrkesskule. Både elevar og tilsette er svært nedtrykte og skuffa.


Klikk for større bilde
 - Ronny Bertelsen
SKUFFA: Elevane som går førsteåret på restaurant- og matfaget på Arna yrkesskule er svært skuffa over at dei må fullføra utdanninga på ein annan skule. Onsdag la fylkesutvalet ned både vg1 og vg2 i dette faget i Arna.
Foto: Ronny Bertelsen


Publisert: 18. des. 2009, 09:58
Oppdatert: 18. des. 2009, 09:58


Fylkesrådmannen rådde politikarane til å leggja ned restaurant- og matfaget på vg1 og kokk- og servitørfaget på vg2 på Arna yrkesskule fordi han meiner skulen har for få elevar på dette faget. Søkjartalet er sterkt redusert dei siste åra og han ønskjer også å samla fagmiljøa på færre skular.

Ved å leggja ned dei to klassane blir det frigjort areal. Her er tanken til fylkeskommunen at elevane på byggfag, som held til på Storaneset, skal flytta inn. Dermed sparer fylkeskommunen leigeutgifter.

Kjøkkenet
Kjøkkenet på skulen måtte ha blitt rusta opp dersom tilbodet skulle vidareførast. Fylkesrådmannen meiner dette ville kosta 6,5 millionar kroner. Skulen sitt reknestykke ligg på om lag det halve.

Arna yrkesskule har 12 elevar på vg1 og 15 på vg2. Det finst skular i fylket som har både færre og fleire elevar på dette faget samanlikna med Arna yrkesskule.

Opplærings- og helseutvalet valde å la fylkesutvalet ta avgjerda i saka, og onsdag vedtok utvalet med åtte mot sju røyster å leggja ned tilbodet ved Arna yrkesskule. Svært mange frå skulen var til stades under behandlinga i utvalet, og etter at nedlegginga var eit faktum, reiste dei skuffa, nedtrykte og sinte heim.

Lang reisetid
- Det var ikkje denne julepresangen vi hadde håpa å få av fylkesutvalet, seier ein tydeleg skuffa avdelingsleiar Patrick D'Incan til Bygdanytt dagen etter.

For elevane tyder nedlegginga at dei enten må gå på ein annan skule det andre året, eller finna seg eit nytt fag dersom dei ikkje ønskjer å reisa så langt. Fleire av elevane på vg1 har i dag ei dagleg reisetid på nærmare tre timar for å koma seg til skulen. Dersom dei skal ta vg2 på Sandli vidaregåande skule, blir den daglege reisetida over fem timar.

Både for Jørgen Fjærestad og fleire andre blir truleg utfallet at dei skifter fag. Eit fag dei er mindre interesserte i enn kokk- og servitørfaget.

Ikkje overraska
- Eg vart ikkje overraska over det som skjedde i fylkesutvalet. Saka var nok avgjort lenge før møtet. Politikarane gjev blaffen i både Arna og oss som bur i nabokommunane til Bergen. At vi får ei ekstremt lang reisetid, eller at vi må byta fag midt i utdanninga, trur eg ikkje politikarane har tenkt over i det heile. Dei skal i alle høve ikkje koma om eit år og vera overraska over at endå fleire elevar sluttar på skulen lenge før dei er ferdige med utdanninga si, tordnar Fjærestad.

No kjenner elevane seg lurte av fylkeskommunen. Fleire av dei opplyser til Bygdanytt at dei byrja på Arna yrkesskule fordi dei ønskte å gå båe åra her.

- Vi burde i alle høve ha fått fullført utdanninga her på skulen. Så vi kjenner oss nok litt lurte, ja, seier elevane til Bygdanytt.

Katastrofe
Rektor Magne Wiik tykkjer det er tragisk at skulen misser eit fag som har vore populært i så mange år - og som tyder så mykje for skulen.

- Dette er ein katastrofe for Arna yrkesskule. Ikkje berre fordi vi misser eit populært fag, men også helse- og sosialfaget bruker kjøkkenet i ein del av timane sine. Kjøkkenet har i fleire tiår vore hjartet i, og berebjelken for, fleire av faga våre. Det er trist for elevane våre og trist for dei fire-fem tilsette dette vil gå ut over, seier Wiik stille.

Tillitsvald for Utdanningsforbundet på Arna yrkesskule, Karin Ljostveit, hadde eit lite håp om at politikarane ville redda faget.

- Ja, vi trudde politikarane ville lytta til dei gode argumenta våre, men vi nådde ikkje fram. Dette er berre så trist og tragisk for så mange. Ikkje minst for elevane som misser eit tilbod dei vil ha, men også for heile skulen, seier Ljostveit.

Treng skulen
Leiaren i oppvekst- og helseutvalet i fylket, Roald Stenseide (Frp), opplyser at det var tre faktorar som var viktige i den politiske vurderinga. Det gjeld både kostnaden med å rusta opp kjøkkenet, nedgangen i talet på søkjarar til faget og at kompetansen bør samlast på nokre få stader.

- Og då speler det inga rolle at skulen meiner utbyggingskostnaden ligg langt lågare, at fleire av elevane får fire-fem timar reisetid og skulen misser eit viktig fag?

- For det første skjønar eg godt at elevane ved skulen er skuffa. For det andre må vi som politikarar forhalda oss til informasjonen vi får frå fylkesrådmannen. Oppgåva vår er å sjå alle skulane våre under eitt, og no byggjer vi ut vidaregåande skular for om lag eit par milliardar kroner. Vi tar elevar frå dei private skulane, så mykje tyder på at vi gjer det rette. Det meiner eg vi også har gjort i denne saka. Men i kjølvatnet av dette bør vi sjå om vi kan kan styrkja elevtilfanget for Arna yrkesskule på andre måtar, kanskje gjennom nye fag. For skulen treng vi, slår Stenseide fast.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt