Osterøy ungdomsskule manglar lærebøker i fleire fag. Det er heller ikkje nok
bøker i nynorsk til alle som skal ha det. Både foreldra og elevane krev at
politikarane ordnar opp. Det skjer neppe.
RYDD OPP!: Elevrådsleiar Solveig Sophie Hagenes og FAU-leiar Hildegunn Hagebø Mjelstad ved Osterøy ungdomsskule krev at politikarane syter for at skulen har nok pengar til å kjøpa inn lærebøker. I dag manglar dei bøker i fleire av faga.
Foto: Ronny Bertelsen
«Eg reknar med at lærarane bruker mykje tid på all denne kopieringa. Det blir
ikkje betre av at halve klassen må ha nye kopiar når læraren ber oss ta dei
fram».
Stengt sjukeheimsavdeling, veglys som ikkje blir skifta og elevar utan
lærebøker. Osterøy kommune si fattigbølgje ser ut til å skylja inn over alle
innbygjarane i kommunen.
Det er nok ikkje berre på ungdomsskulen elevane manglar lærebøker, men det ser
ut til å vera frå denne skulen det mest alarmerande innspelet til
budsjettprosessen har kome.
Alvorleg
Ikkje har skulen nok nynorskbøker til alle elevane som skal ha det, og dei
manglar lærebøker i faga RLE (religion, livssyn og etikk), engelsk, naturfag
og fransk.
I eit brev til oppvekstsjefen skriv FAU ved skulen at dei ber om at dette blir
ordna opp i, slik at skulen får meir pengar til å kjøpa inn bøker.
FAU-leiar Hildegunn Hagebø Mjelstad tykkjer det er alvorleg at skulen manglar
så mange lærebøker.
- Det minste ein må kunna venta er at elevane har dei bøkene dei treng.
Kommunen er verkeleg fattig dersom det ikkje er nok pengar til å kjøpa inn
undervisningsmateriell til alle. På ungdomsskulen manglar dei både bøker på
nynorsk og i fleire fag. Det er ikkje godt nok, seier Mjelstad.
Må ordna opp
Også elevrådsleiar Solveig Sophie Hagenes tykkjer politikarane må ordna opp og
gje skulen nok pengar til å kjøpa inn dei nødvendige bøkene.
- Det må vera eit paradoks for ordføraren at skulen ho til vanleg jobbar på
truleg er den som manglar flest lærebøker, seier 15-åringen.
- Er problemet stort?
- Ikkje så mykje i den klassen eg går, men også vi får utdelt mykje kopiar. Eg
veit også at i andre klassar kopierer lærarane opp store mengder, og eg
reknar med at dei bruker mykje tid på dette. Det blir ikkje betre av at
halve klassen må ha nye kopiar når læraren ber oss ta dei fram, seier
elevrådsleiaren.
Frukt eller bok
Båe dei to tillitsvalde peikar på at kommunen får overført ekstra pengar frå
staten som skal gå til frukt til elevane, men dette er pengar skulane bruker
på noko heilt anna.
- Dersom valet står mellom å gje elevane frukt eller lærebøker, er valet
enkelt. Men no får elevane ikkje noko av dette, og det er ikkje godt nok. Vi
veit at ein del elevar kasta frukta rett i bosset då skulen hadde denne
ordninga, slik at skulane fekk utgifter med å kvitta seg med henne. Men
fruktpengane og skattepengane kommunen får bør i alle fall vera nok til å
syta for at alle elevane mottar dei lærebøkene dei treng i undervisninga,
seier dei to.
Ufornuftig
Rektor ved skulen viser til at oppvekstsjefen eller rådmannen må uttala seg i
saka, men ingen av dei var å treffa i går. Men det var ordføraren, og ho er
krystallklar på at ungdomsskulen ikkje kan rekna med å få meir pengar.
- Det er i så fall pengar kommunen ikkje har. Vi har delt ut dei midlane vi
har til disposisjon, og så er det opp til tenestestadene å prioritera
innanfor dei rammene dei har fått, seier Aakre.
- Så alle skulane har fått pengar til å kjøpa inn læremidlar og ikkje berre
til å dekka løn?
- Ja, sjølv om alle skulane sikkert hadde hatt behov for endå meir, så har dei
sjølvsagt fått pengar til undervisningsmateriell, seier Aakre.
- Du veit sikkert kor kjekt det er å ta kopiar til elevane?
- Ja, det veit eg litt om. For det første går det med tid til å leita fram det
som skal kopierast, og så skal ein bruka tid på sjølve kopieringa. Det er
ufornuftig tidsbruk. Eg kan ikkje skjøna at dette er betre enn å prioritera
lærebøker framfor andre ting, seier Aakre.