På Hjellvik gjekk dei bak ein traktorhengar fylt med musikantar, medan folk
på Bruvik brukte eit musikkanlegg på to hjul for å kompensera for
det manglande korpset.
Frå Indre Arna tråkka prosesjonen seg langs Arnavågen til
Garnes i både sol og regn - og til ein vakker regnboge.
Og i Ytre Arna snirkla ein seg gjennom nye og gamle gater på nasjonaldagen.
Men uansett omgjevnadar eller vêr ser det ut til at folk hadde ei flott
feiring på 17. mai - i det minste om ein skal tru bileta vi fekk
innnsendt i år. Kos deg med lesarane sine blinkskot frå nasjonaldagen.