Publisert: 16. mar. 2010, 14:27
Oppdatert: 16. mar. 2010, 14:27
Denne helga har fleire i Arna blitt besøkt av bøsseberarar, men ikkje alle har
gode formål i tankane. Det meiner i det minste politiet, som har fått fleire
meldingar om personar med mistenkelege bøsser og oppførsel.
— Dei har vore både i Arna og Åsane og vore spesielt aktive denne helga. Dei
kjem med innsamlingsbøsser som tydeleg er heimelaga, og nokre lèt som dei er
stumme eller døve. Dei kan ha kort som dei viser frem, men dette er kort med
informasjon som ikkje stemmer. Dette er ikkje nokon som samlar inn til
organisasjonar, men til seg sjølve, seier politibetjent Stein Hammersland
ved Bergen Nord politistasjon.
— Dette er ikkje straffbart i seg sjølv, men vi ber folk ta kontakt om dei
meiner dei møter på noko mistenkeleg, seier Hammersland.
Kreftforeningen hadde innsamlingsaksjon i Bergen i helga, men politiet trur
det er tilfeldig at dei falske bøsseberarane var aktive samtidig.