Torsdag ettermiddag kjørte ein mannleg sjåfør inn i eit tre på Hardangervegen
mellom Lone og Haukeland. Ei kvinne og eit barn som var med i bilen, blei
innlagde på Haukeland universitetssjukehus medan mannen vart utskriven etter
ein sjekk. Førarkortet hans blei tatt hand om av politiet, som seier dei
ikkje har indikasjonar på at høg fart har vore årsak til ulukka. Bilen blei
taua vekk.