Onsdag heldt brannvesenet ei større brannøving på Osterøy, med ein simulert
skogbrann. Men det hadde ikkje politifolka, som i 17.20-tida rykka ut i
fullt alvor til «brannen», fått med seg. Politiførstebetjent Vidar Almberg
på Bergen nord politistasjon kallar det heile ein glipp.
— Politiet rykte ut med ein bil, men det vart raskt avklart at det heile var
ei øving. Det hadde dei ikkje blitt varsla om, seier han.
Det var Tor Magne Mostrøm i Osterøy brannvern som leia øvinga. Han seier dei
hadde avklart øvinga med alarmsentralen 110.
— Det heile var ein glipp, men ikkje frå vår side. Dette var svært uheldig for
politiet, som sikkert hadde betre ting dei kunne ha brukt tida si på.