Målet er at tilsette og politikarar ikkje skal opptre på ein måte som er eigna
til å svekka tilliten til at dei er upartiske.
I eitt av dei mange punkta som regelverket omhandlar går det fram at tilsette
har rett til å varsla om kritikkverdige tilhøve. Døme på dette er mogeleg
korrupsjon, fare for pasientar sitt liv eller helse, farlege produkt eller
dårleg arbeidsmiljø.