Bussrutene for Åsane, Arna og Osterøy skal ut på anbod neste år.
Desse områda er i dag eitt av dei få i fylket som ikkje er sett ut på konkurransemarknaden. Saman med Bergen sentrum skal rutepakka for Osterøy og bydelane i nord og aust ut på anbod i løpet av neste år, og det er planlagt å setjast i drift frå årsskiftet 2010/11. Når rutepakkene for Askøy, Sotra og Øygarden er i gang mars 2011, vil alle busstrekningar i Hordaland vera anbodsutsette.