[Tilbake]

bt.no
©Bergens Tidende

Vil smykka ut Lonevåg

Silje V. Mjelde, Berit Hjelmås og Tommy Steen vil samla inn pengar til å byggja ein skulptur midt i Lonevåg. - Kulturen på Osterøy må takast til eit høgare nivå, meiner Steen.

Simen Sundfjord Otterlei


Publisert: 05. mar. 2010, 08:32
Oppdatert: 05. mar. 2010, 08:32

Den 35 år gamle eksilbergensaren har brukt halve livet på å finna ut korleis han skal måla. Etter at han busette seg på Osterøy for ei tid tilbake, er han komen nærare idealet enn nokon gong.

- Eg har arbeidd mykje med å finna min eigen sjanger. I fjor kom eg over bakketoppen. No satsar eg for fullt, seier Tommy Steen.

Vil leva av kunsten
Han er ikkje åleine om å satsa. Dei to Osterøy-jentene Berit Hjelmås (23) og Silje V. Mjelde (21) gjer det same. Dei har slutta i jobbane sine for å freista å leva av kunsten.

- Vi hadde lyst å prøva det ut. Målet er å leva av det, og vi har sjansen til å gjera eit forsøk no når vi er så unge, forklarer Silje.

I reinaste Tidemand og Gude-stil måler dei alle bileta sine i fellesskap. Parallelt med kunstmålinga arrangerer dei meditasjonskurs, og dei legg ikkje skjul på at ein kan finna overnaturlege element i bileta deira.

- Vi kanaliserer ned bilete, og har som mål å engasjera den som ser på dei. Sterke fargar, alvar, natur, menneske og dyr finn ein mykje av i bileta våre, fortel dei to.

Kjøpesentergalleri
I regi av fotograf John Arne Storebø skal dei tre målarane no stilla ut sine fremste verk i Osterøy senter. I morgon kveld og søndag blir gangane i kjøpesenteret sin andre etasje trylla om til eit kunstgalleri, fylt opp av Steen sine filosofisk inspirerte og Hjelmås og Mjelde sine mangefasetterte bilete.

- Dei som treng eit anna kulturelt innslag enn all snøen, må koma, smiler Silje. Ho og Berit stiller ut for første gong.

- Vi er spente på mottakinga, seier dei.

Dei tre kunstnarane skal lodda ut to av bileta sine. Pengane som kjem inn, skal vera første steg på vegen mot den skulpturen dei håpar å få opp i Lonevåg. På sikt har dei og eit håp om å få på plass eit skikkeleg kulturhus på Osterøy.

- Det er mange kunstnarar på Osterøy, men vi manglar ein stad der vi kan møtast, henta inspirasjon og utvikla oss, seier dei tre.