Kjempa seg over ni fjelltoppar



Frå Hånipa til Eikelandsfjellet. Osterøy har fått sitt eige fjelløp.





Publisert: 15. jun. 2010, 12:42
Oppdatert: 15. jun. 2010, 12:50


Men medan bergensarane sin tradisjonelle og svært populære fjelltur går over sju toppar, stoppar ikkje ostringane før dei har gått opp og ned ni fjell.

Då Osterøyfestivalen starta i helga, var det med bilrebus, olabilløp og eksosrypefest laurdag. Søndag var det tid for å vaska av seg eventuelle synder frå dagen før, då startskotet for tidenes første løp over dei mange fjelltoppane rundt Valestrand gjekk.

Medan det var mogeleg å gå på både tre og sju toppar, var det klart mest oppslutning rundt nifjellsturen. Frå under 20 påmeldte før helga, gjorde lettskya og perfekt turvêr det til at mange møtte umelde opp i startområdet i sentrum. Då turen kom i gang litt forseinka, hadde 53 personar skrive seg på startlista.

I tillegg gjekk ti den noko kortare sjufjellsturen, medan trefjellsturen, som passar perfekt for småbarnsfamiliar, hadde 15 påmelde.

Nifjellsturen tar for seg ni ulike fjelltoppar i og rundt Valestrand og Hauge. Etter start i sentrum av Valestrand, forserer ein ei løype tilsvarande 26 kilometer og klatrar opp til saman 1450 høgdemeter på dei ulike fjella. Turen startar sør for Reigstad, og sirklar seg om ulike toppar austover før ein avsluttar på Eikelandsfjellet, nord for Valestrand.

Slik går nifjellsturen:

* Hånipa
* Erstadfjellet
* Perafjellet
* Hallandskletten
* Burkelandsfjellet
* Horsåsfjellet
* Dalsnipa
* Iseggene
* Eikelandsfjellet

Turens høgaste punkt er Erstadfjellet, mellom Haus og Valestrand, som ligg 466 meter over havet.

Det var rekna at turen ville ta mellom tre og ni timar, og tidene på resultatlistene varierte då også stort.

Allereie nær toppen av Erstadfjellet, der Bygdanytt tok posisjon, var det klart at nokre gjekk for å vinna konkurranseklassen, medan andre la tung vekt på å fullføra i ekte mosjonsstil.

Og at det var representantar frå idrettsmiljøet på Osterøy som nærma seg topp nummer to først, var vel heller inga overrasking. Langrennsløparane Emil Hosøy og Eirik B. Mjelde kom saman med Brit-Helen og Terje Simmenes i første pulje, i lett driv frå Hånipa. Utan mykje tid til å slå av ein prat, kunne dei likevel stadfesta at målet var å koma først.

— Og vi kan ikkje alle koma saman over målstreken, kom det kjapt frå tetfeltet, før det igjen var lett jogg over fjellet.

Men der dei hadde det travelt, hadde Svein Olav Sandal, Jan Kenneth Rønnestad, Jørgen Martin Sandal, May Britt Vik Pedersen og Torild Sandal langt meir tid til å prata. Med stormkjøkken i sekken var det lagt opp til ein langt meir avslappa søndagstur.

Dei fem skrytte stort av arrangementet.

— Det er eit kjempetiltak, seier Svein Olav Sandal, allereie noko andpusten etter første topp.

Vel vitande om at det var eit stykke fram til teten, hadde dei likevel eigne ambisjonar:

— Å koma til mål før heile målområdet stengjer, smiler Rønnestad.

— Og eg ventar jubelscener når eg kryssar målstreken, kjem det frå Torild Sandal, som ikkje hadde noko problem med å innrømma at det kanskje var ho som heldt tempoet litt nede.

Men at dei var sist i løypa allereie ein time ut i turen, ville dei ikkje gå med på.

— Eg er sikker på at det er ein tre-fire stykk bak oss!

— Ja, vi får berre håpa at dei er med i løpet...

Ein lapskausmiddag og åtte fjelltoppar seinare kom dei i mål, og kunne klokka seg inn på rundt ni timar. Raskast var duoen Eirik B. Mjelde og Emil Hosøy, som kan skryta på seg å ha rekorden på nifjellsturen på Osterøy – med smått imponerande 3 timar og 29 minutt som sluttid.

Den fine oppslutninga gjer at Osterøyfestivalen vil gjenta suksessen.

— Vi er først og fremst nøgde med arrangementet og har også fått positive tilbakemeldingar frå dei som gjekk turen. Så og seia alle kom seg heilskinna igjennom, og dei aller fleste gjekk den lengste turen. At dette kan bli ein tradisjon har eg god tru på, og det var allereie mange som snakka om neste år på søndag, og at dei skulle forbetra tidene sine, seier Henrik Horsås, leiar i festivalkomiteen.

Han trur også på mangedobling av deltakartalet.

— At vi kan få meir enn 200 med på nifjellsturen neste år, er eg heilt sikker på.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt