NO ER TIMEN: Christina Undhjem.
Foto: Frode Fjellstad
METALLICA: «Nothing else matters» med Kristian Loeshagen og Marion Romslo.
Foto: Frode Fjellstad
EIT HØGDEPUNKT: Marion Romslo si tolking av Brandi Carlile si låt «The Story».
Foto: Frode Fjellstad
NOTHINGMAN: Intenst nærver frå Mads Hatland og Henning Hoshovde (gitar).
Foto: Frode Fjellstad
IKKE GRÅT...:...song Amalie Olsen, akkompagnert av Silje Midtbø Vevle (fele) og Trent Bruner (flygel), og klarte å få fleire i salen til å gjera nettopp det.
Foto: Frode Fjellstad
VEM KAN SEGLA: Elin Elisabeth Eggen og Sivvah.
Foto: Frode Fjellstad
Scenekanten er fylt med blomar. To vasar med raude roser tronar i
midten, like ved mikrofonstativet. Klokka er seks laurdag kveld og det er
tid for minnekonsert på Valestrand skule.
Lokalet er fylt av menneske i alle aldrar. Det er forventningar i
lufta. Men stemninga er likevel ikkje den ein er vant til å oppleva dei
siste minutta før ein konsert. Ei heilt spesiell stille heng i lufta.
Publikum er beherska og fokusert, dei ventar nærmast i andakt.
Med sår stemme, lukka auge og intenst nærver sette Mads Hatland standarden for
kvelden, då han ektefølt og svært truverdig opna konserten med låta
«Parisienne walkways» av Gary Moore. Stemninga vart sett med første tone,
med første akkord. Publikum var fanga, og det skulle berre bli betre.
Velkomen, sa konferansier Kristoffer Foldøy, han hadde gått fram til
mikrofonen og stemma hans skar gjennom stilla som ein kniv.
Velkomen alle, sa han, til eit møte mellom scene og sal, på bakgrunn av triste
hendingar som ikkje skulle skje, men som skjedde likevel. Hendingar som er
så ubegripelege at dei er vanskelege å setja ord på. Korleis skal ein få
verda til å hengja saman etter slikt?
Valestrand gjorde det med musikk. Christina Undhjem med overtydande
stemmeprakt, Kristian Loeshagen med knallhard ballade av Metallica.
Kristoffer Foldøy plasserte eit levande lys mellom rosebukettane framme på
scena. Eit menneskeliv kan samanliknast med eit lys i vinden, sa han, det er
så lite som skal til for å sløkkja livet. Få ord, men betydningsfulle
handlingar av både artistar og konferansier. Elton John sin «Candle in the
wind» vart meiningsfull for mange, og det same gjaldt Brandi Carlile sin
«The story», begge kraftfulle balladar med meining og sjel i både tekst og
tonar. The story vart eit høgdepunkt så langt, ettersom Marion Romslo song
så ein fekk frysningar langt inn i beinmargen. Og framleis skulle det bli
betre.
Mads Hatland inntok scena igjen, denne gongen saman med Henning
Hoshovde på akustisk gitar. Mads stod oppreist, Henning sat på ein stol, det
var enkelt, det var ekte, og då Mads byrja syngja igjen med lukka auge, var
det ingenting anna som gjaldt. Han song «Nothingman» av Pearl Jam. Lyden av
kassegitaren og stemma hans eigde rommet frå start til slutt, og kvar
einaste mørke krok i lokalet vart langsamt fylt av sårheit, lengsel,
kjærleik og verdigheit. Og etterpå heimsøkjer teksten deg: (…) and he who
forgets, will be destined to remember (…).
Den første som visstnok ymta frampå om å laga ein minnekonsert på
Valestrand, var Amalie Olsen. Då hadde Kristoffer Foldøy allereie byrja å
planleggja, og det skulle altså visa seg at det ikkje vart vanskeleg å finna
musikarar som ønskte å bidra. Artistane har stått i kø for å få lov til å
vera med. Olsen framførte si eiga låt «Ikke gråt», og klarte med det å få
fleire i salen til å gjera nettopp det, nydeleg akkompagnert av Silje Midtbø
Vevle på fele og Trent Bruner på flygel. Det var tett og nært, intenst og
intimt, og lista vart lagt høgt for dei som skulle følgja etter.
Sivvah med vokalist Elin Elisabeth Eggen gjekk på scena og gjorde to
låtar. Éi som vart skriven ferdig spesielt for minnekonserten, den andre ei
tolking av klassikaren «Vem kan segla forutan vind». Begge vart godt
mottatt. Spesielt sistnemnde. Eggen demonstrerte stålkontroll og gjorde
denne låta til ei heilt spesiell oppleving, med vekselvis kjensleladd
kviskring og fullt trøkk.
Ingeborg Vevle var kveldens yngste deltakar med sine 15 år. Ho vann
Talentiaden tidlegare i år, og har så visst noko å fara med. Vevle framførte
«Denne uro», av Vamp, og gjorde det på ein slik måte at det gjekk ilingar
nedetter ryggen på nokon og ein kvar. Låta passa perfekt til den nydelege,
klokkeklare stemma til denne unge jenta.
Frå Griegakademiet kom pianist og førsteamanuensis Signe Bakke og
framførte «Kjempeviseslåtten» av Harald Sæverud. Melodien var spesielt ønskt
av initiativtakar Foldøy. Kjempeviseslåtten vart skriven av Sæverud under
andre verdskrigen, og er seinare blitt eit musikalsk symbol på den norske
patriotismen, på kampen for fridom og demokrati.
Bygdanytt fekk diverre ikkje høve til å vera til stades gjennom heile
konserten, og gjekk glipp av dei siste to nummera, framført av Dag Erlend
Torp og trioen hans frå Haus. Også dei fekk gode tilbakemeldingar, formidlar
Foldøy til Bygdanytt i etterant av konserten. Som avslutningsnummer
framførte alle solistane «Bridge over troubled water», og sette med det eit
verdig punktum for kvelden.
Foldøy anslår at mellom 150 og 200 publikummarar fann vegen til
minnekonserten, som vart arrangert av Valestrand ungdomslag og Osterøy
kommune.
— Det var ei god kjensle under heile konserten, og mange unge. Det var viktig
å gjera dette. Det gjorde godt for oss, på mange måtar, seier Foldøy.
Det er sagt mykje flott og rett etter tapet av unge menneske denne
sommaren. Men det å forklara det ubegripelege med ord er vanskelege saker.
Orda tar for stor plass, ofte, og det er i denne augneblinken, når ein ikkje
finn meining og står og ser ned i avgrunnen, at ein innser at der orda
sluttar – der kan musikken ta over. Ein kan gje akkord til tankane og orda.
Det klarte artistane under minnekonserten, og det fall nokre tårer på
Valestrand laurdag.