Her står kanskje den neste,
neste landsfinale-vinnaren
Jørn Ahmer og kompisane er både sjølvironiske og tøffe i trynet. Og det
trengst, for dei har ein lang vinter med mekking framfor seg dersom dei skal
blåsa skikkeleg liv i bilcrossmiljøet på Osterøy att.
NOK Å TA AV: Det er bobla Turi, som står innandørs, som skal vinna landsfinalen på Gol neste år. Men om ho ikkje er god nok, har Jørn Ahmer nok av andre bobler å velja i.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
ARVTAKARANE: Femåringen Tristan (t.v.) og storebror Morgan (7) er klare til å ta opp kampen med pappa Jørn.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
JØRN OG DAMENE: Turi (t.v.) og Kari.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
KAFFI: — Før var kaffitraktaren raudglødande, seier Jørn Ahmer. No står han nedstøva på biltaket til Sverrre Myking (t.h.). Martin og Geir Martin Myking lyttar til Jørn sine visjonar.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
BERRE BIL: — Eg har no drive med fotball og friidrett og alt mogleg, fortel Jørn. — Eg og. Men vi vaks det heldigvis av oss, kvitterer Sverre.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei
— Ein må jo gå litt høgt ut, ha litt målsettingar.
Om bilen blir ståande att i depotet utan å starta, så får vi heller kosa oss
med grillinga og satsa på ein annan bil neste gong, seier Jørn Ahmer.
Boble-entusiasten glisar godt når han snakkar om landsfinalen i bilcross på
Gol i august neste år.
Det er i ferd med å bli nokre år sidan den raude og gule Osterøy
Rasarlag-bølgja rulla inn over kommunen og ut over landet. Entusiasmen for
bilcross var stor, og så mange som 30 Osterøy-bilar var påmelde til
forskjellige stemne, anten det var på Eikås, i Vikedal, på Gol eller i
Trondheim.
— Den gongen var det folk frå heile Osterøy som hadde bilar. Og tilhengjarane
var mange. Eg hugsar då vi køyrde i Vikedal, i 2006 eller 2007, og det var
folk kledde i raudt og gult overalt. Det må ha vore minst 100 supporterar.
Det var eit fæla styr då det sto på, mimrar Ahmer.
No er situasjonen ganske annleis. Jørn og kompisane i garasjen trur
ikkje det er det at bilinteressa har dalt så mykje, men meir det at den
generasjonen som var dei største pådrivarane har fått seg andre ting å «stri
med».
— Folk får jo familie, og byggjer hus. Dei har framleis bilane sine, men no
står folk meir i kvar sin garasje. I alle fall er det blitt slik her i
Fotlandsvåg, seier Ahmer.
Samstundes har dyktige bilførarar som Steinar Stokke og Rudi Rossland gått opp
nokre klassar.
— Dei satsar litt meir seriøst. Vi var berre ein god gjeng som reiste rundt og
koste oss og blei kjende med folk i miljøet. Brukte gamle delar, rusk og
rask, for å få bilane til å gå.
Men det er ikkje berre «kvar mann for sin bil»-mentaliteten som
regjerer i Fotlandsvåg. I lagerbygninga Ahmer for nokre år sidan kjøpte
billeg av onkelen, står det framleis ein god del bilar samla. Dei fleste er
rett nok Ahmer sine eigne, og dei er det mange av, men han har god plass til
andre som vil parkera og skru gjennom vinteren.
I tillegg står det ein traktor her. Og ein gammal buss.
— Eg er i ferd med å tømma han for innhald. Planen er å innreia han slik at vi
kan bu i han når vi køyrer rundt på stemne, fortel Ahmer.
For no skal det satsast. Kompisen Sverre Myking har planar om å kjøpa
seg ein Mercedes og satsa på bilcross til våren. For Jørn er det berre boble
det går i. Bobler med kvinnenamn.
— Neste sesong er det Turi eg satsar på. Ho blir den neste vinnaren av
landsfinalen, proklamerer Jørn.
Men understrekar det sosiale fokuset framfor det konkurransemessige når han
raskt legg til:
— Går ikkje det, får vi heller satsa på å ha den beste grillen. Og så får vi
eventuelt prøva ei av boblene som står utanfor året etter. Det viktigaste er
å ha det kjekt, og at vi klarar å samla litt folk. Folk blir raskt med berre
det er nokon som drar i gang, seier Ahmer.
Det han kan freista med er ein vinter med skitpreik, kaffidrikking og mekking,
og ein påfølgjande vår og sommar med bussturar, bilsport og grilling.
— Noko av det råaste eg har sett, seier Sverre Myking om
fjerdeplassen til kompisen i landsfinalen i 2009.
Då var aktiviteten i miljøet på veg ned, og førebuingane dårlege. Og
plasseringa dess meir imponerande.
Fjerdeplassen er den førebels siste på merittlista til Jørn, for i år blei det
ikkje til at han deltok. Men til neste år...