- Arnabuarar har ein eigen evne til å slå ring om kvarandre, samtidig som
entusiasmen er stor. Det skaper god kultur, sa varaordførar Trude Drevland
då ho offisielt opna Kulturdagane i Arna på laurdag.
FLØYTE PÅ TVERS: F.v. Amalie Rullestad (17), Sigrid Djønne (17), Elisabeth Sivertsen (16) og resten av Indre Arna skulemusikklag gjorde noko heilt nytt då dei poppa opp for uderhalda ved dei ulike bygga i Ådnatun.
Foto: Eirik Boge
TJUVSTARTA: Fredag ettermiddag gjorde Arnaringen, i samarbeid med Åsalåten, sitt tradisjonelle kulturdrypp på jernbanestasjonen i Bergen, for å lokka byfolket til Arna. Like etter kom dei til Øyrane Torg og dansa Kulturdagane i gang.
Foto: Eirik Boge
IMPONERT: - Arna er ofte omtalt som den vesle bydelen i Bergen. Når det gjeld kulturlivet, er Arna absolutt ikkje minst, sa varaordførar og leiar for komité for kultur, idrett og næring, Trude Drevland, i opningstalen. Blant tilhøyrarane var kultursjef i Arna og Åsane, John Kristian Øvrebø.
GAMALT: I Ytre Arna historielag sitt museum i Arna Næringspark opna leiar Sollaug Damminger fotoutstillinga Menneske og landskap - Gamle Ytre Arna sett gjennom fotolinsa. Utstillinga er eit samarbeid mellom historielaget og Arna sogelag, og viser deler av fotograf Walter Øybø sine bilete av kvardagsliv, natur, kulturliv og næringsliv i bygda.
Foto: Eirik Boge
SALSUTSTILLING: Tekstil- og biletkunstnar Anne Knutsen (t.v) og glaskunstnar Ingunn Strømberg Aastvedt opna si salsutstilling i Seimshuset i Ådnatun. Dei to kunstnarane kan blant anna lokka med tøyputar pryda med gamle Volvoar og små søte høner i glas.
Foto: Eirik Boge
OOOOPS!: Å stable bruskasser er ikke bare enkelt.
Foto: Georg Kayser
ANDELOTTERI: 500 plastender kjempa om heider og ære nedover Storelva i Indre Arna. Langs elvebreidda stod store og små og venta i spenning, medan laksen nok lurte fælt på kven som hadde forvilla seg ut i vatnet.
Foto: Eirik Boge
Store og små laga lyd med toradar, tuba og klarinett. Enkelte opna
foto-, tekstil- eller glaskunstutstilling, medan andre selde keramikk,
kulturlopper, måleri og massevis av kaker. Og då sola stod midt på den
skyfrie himmelen, kasta 500 badeender seg i Storelva og starta kampen om bli
først over mållina. Kulturdagane i Arna er i gang.
- Ein kan ikkje anna enn å bli mektig imponert over programmet desse ti
dagane. Her er alt frå kyrkjekunst til grafitti, korsong til Arnarock.
Bebuarane i Arna har ein entusiasme som er ærleg og fantastisk, og det er
ingen tvil om at kulturlivet her står sterkare enn i dei fleste andre
bydelane, proklamerer varaordførar Drevland. I følgje kultursjef for Arna og
Åsane, John Kristian Øvrebø, har ho heilt rett. Då kulturkontora i Bergen
for to år sidan talde opp kor mange bebuarar som er aktivt med i
kulturforeiningar i kommunen, kom Arna øvst på lista.
- Heile seksten prosent av innbyggjarane i bydelen er aktivt med i
ulike lag og organisasjonar som driv med kultur, i tillegg deltar endå
fleire på dei ulike arrangementa. Under Kulturdagane får vi sjå resultatet
av det alle dei ulike grupperingane held på med, seier Øvrebø, som saman med
Drevland og andre interesserte fekk med seg korps- og toradarmusikk under
opninga.
Samtidig som det offisielle startskotet gjekk på Øyrane Torg, opna
fleire utstillingar. I Ytre Arna inviterte Sollaug Damminger og
historielaget til utstilling av bileta til fotograf Walter Øybø.
- Han hadde fotoforretning i Elvavegen i perioden 1931-1973, og har etterlete
seg ei stor samling bilete frå Arna. Vi har gått gjennom fleire tusen
negativ og plukka ut 86 som vi har forstørra opp. Bileta og fotoutstyret
hans har vi fått låna av Arna sogelag, forklarer Damminger, som saman med
dei andre medlemmene i laget har gjort eit stort detektivarbeid for å skaffa
informasjon om alle motiva.
I Ådnatun i Indre Arna starta kunstnarane Anne Knutsen og Ingunn
Strømberg Aastvedt si salsutstilling, saman med medlemmer i Arna
husflidslag. Til tonar frå Indre Arna skulemusikklag var det mange frammøtte
som let seg freista til å kjøpa med seg kunst heim att. I tillegg til
utstillingane i Ådnatun og Ytre Arna, starta Britt Skaftun si
måleriutstilling, Kusinene Krull opna salsutstilling og Norvald Hemre opna
sin keramikkverkstad. Opningstider for dei ulike utstillingane finn du i
programmet for Kulturdagane 2009.