Publikum svikta Osterøyfestivalen



- Det er ingen tvil om at det må endringar til, og allereie no har vi byrja å sjå fram mot neste år. Det blir festival i 2010 også, seier klubbformann Ove Håland i Valestrand Hjellvik FK.


Klikk for større bilde
 - Eirik Boge
TYNT I REKKENE: Årets Osterøyfestival trekte langt færre publikummarar enn det arrangørane hadde håpa på. Her frå konserten med Helene Bøksle fredag.
Foto: Eirik Boge


Publisert: 23. jun. 2009, 11:04
Oppdatert: 10. jul. 2009, 15:36


Etter dårleg billettsal både torsdag (110 betalande) og fredag (ca.80), var arrangørane avhengige av gode tal laurdag. Med 155 vaksne til Festivaltalent på føremiddagen og ca. 450 under konserten på kvelden må arrangørane i fotballklubben no kryssa fingrane for at sponsorinntekter og salsinntekter skal redda dei frå raude tal i rekneskapen.

Tur på balanse
- Det er ingen tvil om at dei to første dagane var altfor dårlege publikumsmessig. Laurdagskvelden var bra, men også her møtte færre enn venta. Når alle inntekter er talde opp, trur eg vi går i balanse. Men for oss som fotballklubb, tærer dette på. Vi gjer jo dette for å tena pengar til klubben, seier formann Ove Håland.

- Kva gjekk gale?

- Det er fleire ting vi må sjå på. Vi må vel innrømma at vi i år har bomma på artistane i høve til det folk vil ha. Tidspunktet for å setja opp ein festival er alltid vanskeleg, og vêret vil vi aldri kunna gjera noko med, seier Håland.

Enkelte klaga over for høge prisar på billettane, spesielt fredag då det kosta tre hundre kroner å koma inn.

- Prisen er avhengig av kva artistane kostar. Kostnadsnivået er noko vi må sjå på, meiner Håland.

Ser til vêret
Både Håland og bookingsansvarleg Bent Raknes viser til at vêret denne helga ikkje var på festivalarrangørane si side. Sistnemnde meiner eit anna viktig moment er tidspunktet.

- Vi må nok sjå nærmare på datoane, ettersom denne helga krasja med mange andre aktivitetar og arrangement, som skuleavslutningar osb, seier Raknes. Han viser og til at det finst andre måtar å sikra seg økonomisk på, enn ved sal av billettar.

- Som festivalarrangør kan ein søkja festivalmidlar frå staten og fylkeskommunen, og jobba inn mot sponsorar. Her er det mykje å henta, seier Raknes.

Håland er eining.

- Ja, vi må bli flinkare til å skaffa oss alternative inntekter, seier han.

- Kva blir hovudoppgåva før Osterøyfestivalen 2010?

- I tillegg til å starta planleggingsarbeidet tidlegare, må vi jobba meir med å finna fram til artistar som ostringane ønskjer seg. I år bomma vi, innrømmer Ove Håland.

Gratispassasjerar på kaien
Bent Raknes står for booking av artistar og er med i festivalnemnda til Osterøyfestivalen. Han meiner eit klart forbetringspotensiale er å flytta arrangementet laurdag kveld.

- I år var det altfor mange som stod utanfor og fekk med seg konserten «gratis». Eg meiner dette er den største «hemskoen» til Osterøyfestivalen, og eg trur det er best å flytta konserten frå kaien, seier Raknes.

Konserten trekte mange feststemte, som ikkje nødvendigvis var så interesserte i musikkopplevinga. Ove Håland ser problemet, men er usikker på alternativet.

- Det er klart at vi får «gratispassasjerar» når vi held konserten på kaien. Fotballbana har vore nemnd, men dette er noko vi må sjå nærare på, seier klubbformannen.

Samlinga av folk i Valestrand sentrum under laurdagens konsert, førte til at politiet hadde ei patrulje ute.

- Vaktene på festivalen hadde god kontroll inne, men utanfor var det litt å passa på. Vi observerte mykje drikking på offentleg stad og fleire personar som var overstadig rusa. Ettersom det var mange tilstades, valde vi denne gongen først og fremst å vera synlege, og det oppstod ikkje noko bråk, seier Stein Hammersland ved Bergen Nord politistasjonsdistrikt

- Kva med dei som drakk på offentleg stad?

- Å skulle starta bøtlegging av alle som drikk når så mange er samla, hadde vi diverre ikkje kapasitet til, forklarer Hammersland.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt