Berit Vatne Vik er klar med si fjerde bok frå ei tid då vikingane herja i
Noreg. No set ho punktum for bokserien ho debuterte med for ti år sidan.
SPESIELL FORFATTAR: Berit Vatne Vik er ein av svært få forfattarar som framleis leverer handskrivne manus. No er ho ute med ny bok.
Foto: Sindre Øye Helgheim
DRAUMEN OM HALLGJERD: Boka set punktum for bokserien frå vikingtida med denne boka.
Foto: Sindre Øye Helgheim
Fakta / Berit Vatne Vik Forfattar på 76 år, fødd og oppvaksen på Seim i Lindås, bur på
Skaftå ved Bruvik. Gjev i desse dagar ut boka «Draumen om Hallgjerd» på Det Norske
Samlaget. Dette er fjerde og siste boka i serien om dei tenkte
etterkommarane til Eirik Blodøks, Gudrødsønene. Har tidlegare gjeven ut: «Leirfuglen» (1999), Reise med vinden»
(2000), «Dagen om natta» (2003), «Elisa» (2005), «Rop over havet» (2007).
"Det er lettare for meg å setja meg inn i korleis folk hadde det på
vikingtida, enn korleis folk har det i dag. Eg føler vel sjølv at eg enno
lever i steinalderen.
Forfattaren frå Bruvik har dei siste åra kome ut med bok kvart
andre år. Med «Draumen om Hallgjerd», som var klar i slutten av september,
kan Berit Vatne Vik (76) visa til seks bøker etter at ho debuterte i godt
vaksen alder.
Den siste boka er den fjerde i rekkja om Gudrød-slekta, dei tenkte
etterkommarane av den herskande kongen i Noreg på 900-talet, Eirik Blodøks.
I «Draumen om Hallgjerd» følgjer vi Torarin Gudrødson, som
også var hovudperson i den førre boka, «Rop over havet» (2007), i serien om
Gudrødsønene på Fitjar. Handlinga i boka er lagt til ei tid då vikingane
herja som verst i Noreg, og det var stadige utskiftingar i kongerekkja.
- Livet for trælar og arbeidsfolk var heilt sikkert frykteleg tøft. Det var ei
tid då frykta for å bli sendt ut i krigen må ha lege tungt over einkvar
familie. På den tida eg har lagt handlinga i mine bøker er alle sønene til
Eirik Blodøks drepne, og det er mange som vil ta makta i Noreg, fortel
forfattaren, som opphaveleg er frå Seim i Lindås.
Ho er sjølv historisk oppeken, og har valt minna frå
barndomsferiestaden på Fitjar som «setting» for bøkene.
På slutten av 900-talet, som er rekna som sein vikingtid, er Noreg prega av
dei stadige forsøka på å gjera nordmenn til eit kristent folk. Dette gav rot
til fleire store slag, og fleire kongar fall i forsøket på å kristna Noreg.
Forteljinga om Torarin er lagt til år 981, ei konfliktfylt tid berre få år
før Olav Tryggvason tok over makta.
- Torarin og familien er vanlege folk som lever på Fitjar på denne tida, og
boka handlar mykje om korleis dei har det i Sunnhordland. Torarin er ein ung
gut på 15 år, som ikkje har det så enkelt, og som i tillegg får eit oppdrag
som går på tvers av hans eigne planar, fortel Vik.
Forteljinga held fram der sist bok slapp, og forfattaren avslører at ho
sleit lenge med korleis ho kunne plukka opp tråden frå «Rop over havet».
- Faren til Torarin er kyrkjebyggjar - og har tidlegare bygd ei kyrkje i
Sunnhordland. Men om dette bygget skulle eksistera i dag, ville det ha vore
eldre enn Moster-kyrkja, som er rekna som ei av dei eldste i landet. Eg
tenkte lenge, men kom til slutt til ei løysing, og det var at eg ikkje kunne
la ho stå. Så eg måtte berre brenna ned kyrkja, smiler den 76-årige
skribenten og trekkjer på skuldrane.
Boka startar med kyrkjebrannen, som vert ei viktig hending for unge Torarin.
Han lovar den døyande presten Patrick å levera ein relikvie til eit kloster
i Sveits, og 15-åringen må ut på eit farefullt oppdrag i Europa.
Berit Vatne Vik har med bøkene frå vikingtida funne seg godt til rette
i sjangeren historiske romanar. Etter å ha lese Snorres kongesagaer og brukt
mykje tid på Fitjar i sin barndom, fann ho inspirasjon til å starta
forfattarskapet sitt. Sidan 1999 er det blitt seks bøker, fem av dei
historiske romanar, og fire av dei altså frå vikingtida.
Å skulla vera etterretteleg med historiske hendingar frå meir enn tusen år
sidan, er ikkje alltid like lett.
- Ein prøver å skriva så sant som råd er, men det er jo delar av historia som
omtalar stader eg aldri har vore. Eg har mellom anna måtta førestilla meg
korleis det har sett ut for Torarin å koma til Nederland, samt at eg hadde
litt problem med å sjå for meg Bodensjøen i Sveits. Paven i Roma vert også
omtalt, og det er mogleg nokon kan arrestera meg på nokre faktafeil i
bøkene, seier ho.
- Men det er nok lettare for meg å setja meg inn i korleis folk hadde det på
den tida, enn korleis folk har det i dag. Eg føler vel sjølv at eg enno
lever i steinalderen, ler ho.
Berit Vatne Vik debuterte som forfattar då ho vart pensjonist. Sidan
den gongen har ho skrive kvart einaste ord for hand, gjerne kladda på
serviettar og papirlappar før det heile vart samla til eit manus. I det
teknologisk velutvikla samfunnet i dag er det ikkje mange forfattarar som
får levera bøkene med handskrift, før dei vert skrivne inn på data av eigne
folk hjå forlaget. Ifølgje redaktørane på Det Norske Samlaget er det berre
to-tre forfattarar i Noreg som gjer dette i dag.
- Ja, det er ein ekslusiv klubb, og der har eg tenkt å bli, smiler Berit.
Med «Draumen om Hallgjerd» har ho sett punktum for serien om
Gudrødsønene.
- Eg har lova meg sjølv at dette vart siste boka. Det passa godt å slutta no,
og historia har ei open og nobel ending, som lesaren sjølv kan setja tankar
og bilete til.
Men om det vert fleire handskrivne manus frå huset på Skaftå?
- Lysta er der, og det er vel ikkje meg det skal stå på. No skal eg rydda og
gjera fullstendig reint i hovudet, så får vi sjå om det er noko igjen
etterpå, smiler Berit Vatne Vik.