Fans det vikingskip på Osterøy i vikingtida?

Kvifor gifta 20 år gamle menn seg med 70 år gamle kvinner på 1600-talet?

Kvifor er det framleis folk som aldri køyrer over Osterøybrua?

Dette og mykje meir får du svar på i vår nye podkast-serie. Med oss har me historikar Geir Kleiveland, som utan manus losar oss gjennom hundreår av Osterøy si mangfaldige historie.

Dei to timane og tjue minutta er delt opp i 13 episodar, og du kan høyra på dei når du vil.

1 - Dei første ostringane

Historia starta for over 9000 år sidan då Osterøy for første gong blei besøk av menneske.

2 - Vikingtid

Ostringane hadde over 20 meter lange langskip.

3 - Kristendomen kjem

Truleg var sjølvaste Olav den heilage på Osterøy og kristna heidenske bønder.

4 - Svartedauden

Nær halvparten av alle ostringar måtte bøta med livet i løpet av nokre grufulle tiår på 1300-talet.

5 - 1600-talet og økonomisk prevensjon

Folketalet veks igjen og øya klarar ikkje å brødfø fleire munnar. Då må unge menn gifta seg med gamle damer.

6 - 1700-talet og strilekrig

Skattetrykket aukar og bøndene kvesser kniven mot overklassen.

7 - Dramatisk folkeauke på 1800-talet

I løpet av to generasjonar går Osterøy frå å ha i underkant av 3000 innbyggjarar til nesten 6000.

8 - Jordbruket blir modernisert

Sonen hadde drive jorda som far sin i hundrevis av år. No skulle alt endra seg.

9 - Verda bankar på døra

Skulestover og dampskipkaiar poppar opp rundt i bygdene og opnar Osterøy opp for samfunnet utanfor.

10 - Mellomkrigstid og krisetid

Industrien veks fram, men nord på øya får dei store økonomiske problem.

11 - Den store krigen

Litle England blei Osterøy kalla. Men mot slutten av krigen oppdaga tyskarane kva som eigentleg skjedde på øya.

12 - Bilen endrar alt

Bygdene på Osterøy var i stor grad sjølvforsynte med skule, butikk, post og kai. Men som kom bilen.

13 - Ei bru mot den nye tida

Framleis fins det folk på Osterøy som ikkje køyrer over brua. Her får du vita kvifor.