Det store Ole Bull-året



I august kan lokale eldsjeler invitera til premiere på den største kultursatsinga nokonsinne på Osterøy.


Publisert: 12. jan. 2010, 08:09
Oppdatert: 12. jan. 2010, 08:09


Året vi no har gått inn i vil utvilsamt stå i Ole Bull sitt teikn. 5. februar er det 200 år sidan eventyraren, musikaren og komponisten blei fødd. Dette skal markerast gjennom heile 2010 - og over store deler av landet - ikkje minst på Osterøy.

Noregs første superstjerne blir han kalla, mannen som skapte seg eit stort namn både nasjonalt og internasjonalt. Allereie som tiåring var Ole Bull ein dyktig fiolinist, og i tjuårsalderen vart han rekna som ein av dei store virtuosane i Europa. Seinare gjorde han det svært bra som artist i Nord-Amerika, der han også kjøpte eit større landområde for å byggja opp ein koloni for norske immigrantar.

Ole Bull komponerte meir enn 70 verk. Blant dei mest kjente er «Sætergjentens søndag» og «I ensomme stunde». Men det var særleg den norske folkemusikken som stod hans hjarte nær. Han hadde difor mykje kontakt med Myllarguten og andre spelmenn gjennom store deler av livet.

Ole Bull var ofte på slektsgarden på Valestrand, der han også bygde hus. Sveitservillaen ligg flott til på den store Bull-eigedomen, og vil stå sentralt når lokale eldsjeler i august kan invitera til premiere på den største kultursatsinga nokonsinne på Osterøy.

«Ole Bull - Fossegrimen på Valestrand» heiter det store Ole Bull-spelet, som er forfatta av dramatikaren Rolf Losnegård. Her skal over femti skodepselarar, både profesjonelle og amatørar, delta saman med eit orkester på meir enn tretti musikarar.

Det er berre å ta av seg hatten for komitéen som har sett i gang med eit slikt gigantprosjekt.

Men også på denne sida av sommaren vil det bli mange små og store markeringar der Ole Bull står i fokus. Særleg vil dei 20 institusjonane bak «Ole Bull 2010» ha mykje å by på. Mellom anna vil fleire festspelkonsertar bli lagde til Bullahuset på Valestrand.

Er du kulturinteressert, vil du altså finna mykje å gle deg over i året som kjem.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt