Frå årsskiftet tar NSB 827 kroner for eit månadskort på lokaltoget Arna -
Bergen. Det er ein auke på 67 kroner frå desember, noko som utgjer nesten ni
prosent. Altså skyhøgt over normal prisstigning.
Dette føyer seg inn i rekkja av tiltak statsbanene gjennomfører for å flå
kundane sine. Frå før er det innført gebyr dersom du går på toget utan å ha
løyst billett. Ordninga rammar særleg kundar som kjøper enkeltreiser - og
som ikkje når toget dersom dei skal stå i kø ved billettmaskina.
Det mest oppsiktsvekkjande med den nye prisen for månadskort er imidlertid
ikkje prisauken, men at den berre gjeld dersom du går eller kjører privatbil
til stasjonen. Tar du buss og kjøper kombinert månadskort for både buss og
tog, får du det for 770 kroner.
Logisk sett skulle ein tru det var dyrare å reisa med to ulike selskap på same
turen, men slik er det ikkje. Det er tvert imot billegare å koma seg til
Bergen for ein som bur på Trengereid enn ein som bur like ved
jernbanestasjonen i Indre Arna.
Vi oppfordrar alle togpassasjerar med månadskort til å fornya det hos
busselskapet neste gong, slik at NSB får merka konsekvensane av sin eigen
prispolitikk. Det er rett og slett fornuftig at folk kjøper ei vare der ho
er rimelegast, og i dette tilfellet er det ikkje hos statsbanene.