Det er først og fremst framandparkering som er eit problem. Bilar som kjører
inn på området om kvelden for at sjåføren skal få seg nødvendig kviletid,
men som elles ikkje har noko der å gjera. Dei koblar seg ikkje til straum om
natta, slik bilar med leveransar til industribedriftene gjer. I staden går
traileraggregata - og lagar ein uuthaldeleg støy for dei nærmaste naboane.
Det er klart at dei fleste industrietableringar får konsekvensar for
nærmiljøet. Og storutbygginga i Arnadalen, der mellom anna Asko Vest har
reist eit gigantisk engroslager, skaper ein enorm auke i tungtransporten.
Både tilkjøring og utkjøring av varer fører til auka trafikk, og dermed også
støy og forureining.
Men det er altså ikkje dette som er hovudproblemet for naboane Bn har snakka
med. Det er sjåførar som tar seg inn på området, og ikkje tar omsyn til at
det faktisk er bustader like ved, som gjer tilværet vanskeleg for folk.
Dette kan det ikkje vera spesielt vanskeleg å ordna opp i. Kommunen og
tomteselskapet, som har lagt ut næringsarealet, bør snarast sørgja for at
denne framandparkeringa opphøyrer. Dette kan f.eks. skje ved skilting.
Alternativt må det leggjast til rette for at også desse transportørane kan
kobla bilen til straum om natta, slik at naboane får nattesøvnen tilbake.