Arnatunnelen - ei miljøbombe?



Motstandarane av vegtunnel gjennom Ulriken har fått vatn på mølla den siste tida.


Publisert: 22. jan. 2010, 08:42
Oppdatert: 22. jan. 2010, 12:48


Den kalde og stilleståande lufta i Bergen sentrum resulterer i luftforureining langt over normalen, og byrådet har måtta setja i verk ei rekkje tiltak for å få ned biltrafikken. Dette blir sjølvsagt brukt for alt det er verd av dei som ønskjer Arnatunnelen dit peparen gror.

Lokalpolitikar Lillian Blom (SV) vil allereie i bystyremøtet på måndag føreslå at det nyskipa selskapet Arnatunnelen AS blir lagt ned. Ho meiner det er uforsvarleg å føra tusenvis av nye bilar inn til sentrum, når situasjonen allereie er kritisk.

Argumentet er forståeleg, og den kalde perioden vi no er inne i gjer det ikkje enklare å forklara kvifor vegtunnelen mellom Arna og Bergen er eit godt prosjekt. Men det er han.

Mange fryktar at ein biltunnel vil undergrava lokaltoget sin posisjon. Dét er det neppe nokon grunn til. Dersom NSB fører ein edrueleg prispolitikk, er det ikkje mange arnabuar som frivillig vil betala bompengar, drivstoffutgifter og skyhøge parkeringsavgifter for å sleppa å ta toget gjennom Ulriken. Derimot vil Arnatunnelen vera eit godt alternativ for dei som allereie i dag kjører rundt fjellet for å koma seg til og frå sentrum. Ikkje minst tungtrafikken, som forureinar enormt på si ferd gjennom Åsane og Arnadalen.

Vi kan ikkje med vår beste vilje forstå at det er meir fornuftig å senda trafikken i friluft 24 kilometer mellom Arna og Bergen, enn å senda han åtte kilometer gjennom fjellet. I fjell vil ein kunna reinsa lufta for støv og gass. I det fri vil utsleppa halda fram med å forureina på heile strekninga. Skilnaden er enorm.

Utfordringa blir å finna den beste løysinga for miljøet på båe sider av fjellet.

Korleis kan ein unngå at ein slik tunnel blir til stor skade for lufta i bykjernen? Kvar bør tunnelen munna ut? Korleis kan trafikken som skal sør- og vestover losast vidare utan for mykje forureining? Det er slike problemstillingar ein bør ha fokus på i den vidare debatten.

Å stoppa tunnelplanane vil i alle høve ikkje vera noko god løysing for miljøet, om ein ser Bergen under eitt.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt