Tettstaden under lupa



Lonevåg må lokka på nye måtar om staden skal behalda sin posisjon.


Publisert: 26. jan. 2010, 08:20
Oppdatert: 26. jan. 2010, 08:20


Osterøy kommune er i sluttfasen av arbeidet med tettstadsanalysen for Lonevåg, og inviterte i førre veke eigarar av næringsbygg, private grunneigarar, bedrifts- og butikkeigarar og andre interesserte til ope møte. Analysen skal avdekka korleis Lonevåg kan utviklast vidare som tettstad, sentrum og kommunesenter.

I svunne tider var Lonevåg ein naturleg stoppestad om ein kom til sjøs. No er det landevegen som er innfartsåra. Den nye vegen mellom Hauge og Lonevåg vil truleg føra til at fleire passerer kommunesenteret utan å stoppa der. Og dersom det på sikt blir opna for å etablera butikkar på Hauge, vil Lonevåg oppleva endå større konkurranse om kundane. Difor må noko skje om staden skal behalda sin posisjon. Lonevåg må lokka på nye måtar. Ein må bli best på sine felt, og framstå som eit sterkt kommunesenter, både når det kjem til tilbod og tenester, handel og kultur.

Mange møtte opp for å seia si meining om kva som kan gjerast for å oppnå nettopp det. Men mellom dei som sit med makta over næringseigedommane var frammøtet skralt. Dét blir opplevd som frustrerande av dei som har visjonar for Lonevåg. Direkte og kontinuerleg kommunikasjon er ein føresetnad for at ein skal kunna trekkja i same retning, og få til ei utvikling.

Ting må skje raskt dersom ein igjen skal få opp entusiasmen omkring Lonevåg som samlingspunkt for ostringane. Det gjekk seks år frå tettstadanalysen vart initiert politisk, til han no er ferdig. Det kan ikkje gå seks nye år før vi får sjå positive utslag av han. Ansvaret for det ligg både i private og offentlege hender, og må takast i fellesskap.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt