Sunt med konkurranse



Å få konkurranse mellom to ungdomsskular kan skjerpa begge skulane.


Publisert: 29. jan. 2010, 08:27
Oppdatert: 29. jan. 2010, 08:27


Ei foreldregruppe på Osterøy har tatt initiativ til oppstart av ein privat ungdomsskule i kommunen. Tanken er at skulen skal ha eit kristent verdigrunnlag og drivast av Danielsen skoler i Bergen.

Les også: AUF hardt ut mot privatskule

I tillegg til at foreldra ønskjer sterkare fokus på kristne verdiar, skal misnøye med Osterøy ungdomsskule vera ei av årsakene til at foreldregruppa vil etablera eit alternativ. Og i følgje initiativtakarane har mange allereie vist interesse for tiltaket, som kan vera på plass allereie frå hausten av.

Det er svært uvanleg å starta private ungdomsskular i mindre kommunar. Meir vanleg er det at det blir etablert barneskular i privat regi i bygder der den offentlege skulen blir lagt ned. Osterøy har to slike. Men no er det ikkje kommunale nedleggingsvedtak foreldra protesterer mot. I staden markerer dei sterk misnøye med det eksisterande skuletilbodet på ungdomssteget.

Til ei viss grad er dette forståeleg. Ikkje fordi elevane har det verre på Hatland enn på mange andre ungdomsskular, men fordi den offentlege skulen generelt har store problem. Bråk og uro i klasseroma, lite respekt for lærarane, og eit for dårleg kunnskapsnivå hos elevane, er blant ankepunkta.

Vi reknar med at dei som søkjer borna sine til ein privat skule gjer det fordi dei håpar elevane då vil stå betre rusta til å møta utfordringane på vidaregåande. Dét i seg sjølv er eit signal som den offentlege skulen bør ta på største alvor. Å få konkurranse er sunt. Det bør skjerpa begge skulane, og medverka til at dei blir så gode som mogeleg.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no







Sporten
Fotball

Tabellar og resultat

Omstatte eiendommer
Sist omsette eigedomar








10 siste nyhetene fra bt.no

Mitt sted

Bildegalleri
Midttuns bilete



Lesarbilete frå Osterøy 2



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, Lesarbilete frå Arna 2, Tones stemningsbilete, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt