Formelt sett er det Osterøy museum som har det faglege ansvaret for Ådnatun,
medan Arna sogelag står for drifta. Osterøy museum er på si side ein del av
Museumssenteret i Salhus. Problemet er at museet på Gjerstad ikkje har
ressursar til å utføra oppgåvene i Arna, dermed fell alt ansvaret likevel på
sogelaget. Slik kan det ikkje halda fram.
Arna sogelag er ein frivillig organisasjon som ikkje har tilstrekkeleg fagleg
ekspertise til å ta seg av dei historiske samlingane etter Lars Ådna åleine.
Laget har likevel gjort ein enorm innsats gjennom mange år med å sikra
gjenstandar og fotografi, og ikkje minst skapa aktivitet i museet.
Kulturhistorisk formidling for skuleklassar, kunstutstillingar og
kulturkafear er blant tiltaka som har hatt stor oppslutnad.
Dette er viktig, og må halda fram! Men det er og nødvendig å stilla ressursar
til rådvelde, slik at ein ikkje utelukkande er avhengig av dugnadsinnsats
for å ta vare på bygningane og innhaldet i dei.
No må i første rekkje Osterøy museum og Museumssenteret i Salhus finna ut om
dei framleis vil ha eit ansvar i Arna. Dersom svaret er ja, må det også skje
noko i praksis. Er svaret nei, må ein finna andre løysingar.
Lokale kultur- og museumsstyresmakter kan i alle høve ikkje berre sitja og sjå
på at drifta stoppar opp.