I løpet av året vil Nordea leggja
ned kontora sine i Lonevåg og Indre Arna. For kundane må det
framstå som nokså absurd at eit konsern som betalar ut 2,2 milliardar kroner
i bonus til dei tilsette ikkje tar seg råd til å vera tilstades i eit område
med nesten 20.000 innbyggjarar.
Men vi er ikkje overraska. Den teknologiske utviklinga har tatt sjumilssteg
dei seinare åra, og gjort det lett å utføra både post- og banktenester på
internett. Difor har Posten allereie lagt ned alle kontora sine i Arna og
Osterøy. No følgjer Nordea etter. Spørsmålet er kor lenge Sparebanken Vest
ser det føremålstenleg å bli verande.
E-post har for lengst erstatta dei fleste brevsendingar, og nettbanken har
tatt over mykje av det vi før måtte i skranken for å ordna. På nettet kan du
både betala rekningar, overføra pengar, opna sparekonto, vera din eigen
aksjemeklar og betala ned på bustadlånet. Men ikkje alle greier å følgja med
utviklinga like godt. Særleg eldre generasjonar synest framleis det er kjekt
å kunna få hjelp frå eit menneske når dei skal i banken.
Det er faktisk mange middelaldrande og eldre som ikkje har datamaskin eingong.
Korleis skal desse få utført banktenestene sine i framtida? Vi trur at
bankar som ikkje er tilstades i lokalmiljøa lenger, må rekna med å tapa
kundar. I alle høve så lenge det finst konkurrentar som villig tar over.
Samstundes er dei fleste av oss utruleg lojale mot banken vår. Å flytta
kontoar og lån sit langt inne. Men stadig fleire vågar å ta steget.
Med Nordea sitt tilbaketog er ein epoke over i Arna og Osterøy. Når
Sparebanken Vest ein gong i framtida finn ut at også dei har for få kundar
som møter opp i banklokala, kjem det same til å skje der. Men enn så lenge
kan den siste lokalbanken gle seg over å få ein endå større del av
marknaden.