Osterøy har mesteparten av tida hatt 35 politikarar i heradsstyret. Dette blei
redusert til 27 for nokre år sidan. Hovudsakleg fordi kommunen skulle spara
pengar. No nyttar Frp det same argumentet for å føreta endå kraftigare kutt
i lokalpolitikken. Håpet er å spara inn midlar som kan vera med å finansiera
gjenopning av den stengte avdelinga på Osterøytunet.
Då saka kom opp i formannskapet, vart det fort klarlagt at framlegget er i
strid med kommunelova. Ein kommune med så mange innbyggjarar som Osterøy
skal styrast av minimum 19 folkevalde. No blir det opp til heradsstyret
sjølv å avgjera om ein skal leggja seg på dette minimumskravet.
Spørsmålet er kva konsekvensane blir dersom reduksjonen skulle bli vedtatt.
Økonomisk vil det neppe innebera dei heilt store innsparingane. Sidan alle
møta no er lagde til kveldstid, er det svært sjeldan nokon må kjøpast fri
frå arbeid. Då står ein att med spart møtegodtgjersle.
Dei summane kommunen kjem til å ta inn på dette, vil ikkje på nokon måte
rettferdiggjera den konsentrasjonen av makt som forslaget inneber. I dag har
SV og Venstre berre éin folkevald kvar i kommunestyret, medan Sp og KrF har
to. Med ein kraftig reduksjon i talet på plassar vil dei to minste partia
vera i stor fare for å ryka ut, medan dei andre vil få redusert sin
representasjon. Det inneber at det vil sitja fem parti i kommunestyret - i
staden for sju.
For lokaldemokratiet vil ei slik endring vera eit stort tilbakesteg. Også dei
minste partia sine meiningar er viktige å få fram i den politiske debatten.
Innimellom kan det vera at det er deira forslag som får fleirtal. Det norske
folkestyret skal vera for alle, ikkje berre for dei som er størst.