Ein unik stad



I Havråtunet på Osterøy ligg våningshus, driftsbygningar og uthus samla i ei klyngje med smale gater imellom. Både bygningane og kulturlandskapet er freda, men området er likevel ikkje spesielt nok til å hamna på Unesco si verdsarvliste. Det har Riksantikvaren bestemt.


Publisert: 19. feb. 2010, 12:55
Oppdatert: 19. feb. 2010, 12:55


Å bli vurdert som aktuell for søkjarlista til Unesco er ein lang prosess. Det er allereie sju år sidan saka formelt vart reist lokalt. Og først no har Riksantikvaren konkludert med at det finst andre norske landskap og kulturminne som har langt større sjanse til å nå opp i verdssamanheng.

Å hamna på Unesco si ettertrakta liste har enorm verdi - ikkje minst i turistsamanheng. Det gjev status - og er prov på at her kan ein oppleva noko verkeleg unikt.

Eit tradisjonelt norsk fjordlandskap der både klyngjetunet, teigblandinga, steingardane og dei gamle driftsformene er tekne vare på, finn ein knapt maken til i våre dagar. Dei aller fleste stader er det halde utskifting, slik at innmarka til kvart bruk heng saman. I denne prosessen har bygningane vorte flytta bort frå fellestuna – til eigne tun på kvar gard.

Klyngjetuna var den norske varianten av den mellom-europeiske landsbyen. Her budde folk tett i tett. Våningshusa låg midt i tunet, medan florar og løer låg i utkanten - mot bøen. Og nettopp det at ein finn liknande buformer andre stader i Europa, gjer at Havråtunet ikkje er svært spesielt i eit globalt perspektiv. Men i norsk samanheng er det få stader som kan samanliknast med det klyngjetunet og gardslandskapet som Osterøy kan by på.

Problemet er at så få kjenner til det - og får oppleva det. Havråtunet har potensial til å bli ein stor turistattraksjon på Vestlandet, men då må staden marknadsførast - og leggjast mykje betre til rette for publikum. Vi veit at det lenge har vore arbeidd med planar for dette. Spørsmålet er om dei nokon gong vil bli realiserte.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt