Kvar blir det av læreboka?



Kven sjekkar skriftspråket på nettet?


Publisert: 23. feb. 2010, 10:35
Oppdatert: 23. feb. 2010, 10:35


Stadig fleire skular har for lite pengar til å kjøpa inn tradisjonelle lærebøker. I staden blir dei tvinga over på digitale verktøy.

Fylkeskommunane reknar med å spara fleire titals millionar kroner på å droppa papirboka i mange av faga i vidaregåande skular, og i staden la elevane finna fram til informasjonen sjølv i Nasjonal digital læringsarena (NDLA). Problemet er at dette blir gjennomført utan at konsekvensane er utgreidde.

Tilbakemeldingane på bruk av PC-ar i undervisninga er delte. Mange fortel om elevar som ikkje følgjer med slik dei burde. Så snart datamaskina blir slått på, er dei gjerne på MSN, Facebook eller Youtube i staden for å henta fram sider med fagstoff. Andre får hovudverk av å sitja framfor PC-en i time etter time. Læringa blir deretter.

Det er ingen tvil om at vi enno er i startfasen på ein digital revolusjon som vil snu opp ned på kvardagen vår. Det meste av informasjon kan finnast på internett, og snart er det digitale lesebrettet tilgjengeleg for ein pris som gjer at stadig fleire vil kjøpa både bøker og aviser i elektronisk form. Spørsmålet er likevel om skulane og skuleeigarane går for fort fram.

Internett har mange fordelar. Det går an å henta informasjon frå mange ulike område, men ikkje alt ein finn er til å stola på. Kven kontrollerer informasjonen som vert nytta? Kven sjekkar skriftspråket på nettet? Og kvar finn ein relevant fagkunnskap på nynorsk, til dømes?

Med etableringa av NDLA har fylkeskommunane skaffa seg eit verktøy som kan nyttast til å få betre kontroll med det elektroniske lærestoffet. Men det stiller samstundes krav til høg kompetanse og språkkunnskap blant dei som skal driva prosjektet.

Det som ikkje er like opplagt er om elevar og lærarar er nøgde med berre å ha lærestoffet elektronisk. Alle utskrifter som blir tatt, tyder på at mange framleis ønskjer å lesa på papir. Særleg framfor prøver og eksamenar kan det vera slitsamt å lesa mange titals eller hundretals sider på skjerm. Mange synest også det er lettare å bla i ei papirbok der alt stoffet er samla og tilrettelagt, framfor å måtta leita i elektronisk informasjon.

PC og internett er viktige hjelpemiddel, men det blir feil at økonomiske omsyn skal vera avgjerande for kva undervisningsform skulane vel. I staden bør lærarar og elevar få velja det som gjev best læringsutbyte.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt