Kaos i vente



Mangelen på parkeringsplassar kan i verste fall føra til butikkdød og store problem for kulturlivet.


Publisert: 26. feb. 2010, 10:24
Oppdatert: 26. feb. 2010, 10:24


Det lenge varsla anleggsarbeidet i Ytre Arna sentrum vil starta opp i nær framtid. For tida er entreprenøren i ferd med å laga nye parkeringsplassar ved kyrkja - til erstatning for dei som går tapt ved Trygdstad. Men for alle andre vil det bli smått med parkeringsalternativ.

Opprusting av strekninga mellom Arna Industrihus og krysset Peter Jebsens veg/Elvavegen er ein del av Bergensprogrammet. Kostnaden er rundt ti millionar kroner. Prosjektet skal resultera i betre tilkomst til Arna Næringspark og eit generelt løft for sentrumsgata på den gamle fabrikkstaden.

Det er ingen tvil om at det er behov for begge delar. Næringsparken har slite i mange år med smale vegar og eit kryss som store kjøretøy har problem med å koma seg gjennom. No skal i alle høve krysset utvidast, slik at bilane slepp å ta svingen på 180 grader i fleire omgangar. Alle som har besøkt Ytre Arna sentrum ser også at staden treng solid oppgradering. Forfallet har fått prega området altfor lenge.

Det finst neppe mange i Ytre Arna som er usamde i dette. Dei fleste meiner at noko bør gjerast. Problemet er dei negative konsekvensane av prosjektet. Trass i mange åtvaringar gjennom lang tid blir arbeidet sett i gang utan at det har kome på plass eit parkeringsanlegg. Kommunen vil rett nok setja opp betalingsautomat på eit eksisterande areal bak industrihuset, men dette vil på ingen måte erstatta noko av det som går tapt. Arealet ligg der allereie. Skilnaden er at folk må byrja å betala for å la bilen stå der.

Mangelen på parkeringsplassar kan i verste fall føra til butikkdød og store problem for kulturlivet. I anleggsperioden på ca. eit halvt år vil det ikkje bli mogeleg for nokon å setja bilen frå seg i sentrum. Og etter at arbeidet er fullført vil det bli berre eit fåtal p-plassar samanlikna med i dag.

For Coop Prix og Arnabua kan anleggsarbeidet bli ein katastrofe. Utan parkering vil dei fleste kundane bli borte. Også for Kulturhuset Sentrum vil det bli store vanskar, når verken brukarar eller publikum finn ein stad å setja bilen frå seg. Korleis dette vil enda, står att å sjå. Men at parkeringsproblemet ikkje er løyst før anleggsarbeidet tar til, kan bli ein tragedie.

No gjeld det å redda stumpane, og få på plass eit alternativ som kan avhjelpa situasjonen når miljøgata er realisert.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt