Skal vi snu utviklinga, må folk merka at det har ein pris å vera borte frå
jobb.
Publisert: 02. mar. 2010, 13:05
Oppdatert: 02. mar. 2010, 13:05
Nordmenn blir sjukare og sjukare, og etterspurnaden etter helsetenester er
uendeleg. Slik kan det ikkje halda fram. Til slutt blir vi rett og slett for
få i arbeid til å driva AS Noreg - og samstundes dekka dei enorme
trygdeutgiftene.
Sjukefråværet her i landet er i verdstoppen. Og så lenge det er politisk
fleirtal for at sjukelønsordninga ikkje skal rørast, vil det bli svært
vanskeleg å snu utviklinga. Sjølv om det no er vedtatt ein ny avtale om
inkluderande arbeidsliv, der det blir stilt strengare krav til alle partar,
er det vanskeleg å tru at det skal bli så mykje betre enn med den førre
avtalen.
Saksfeltet er komplekst, men det er ingen tvil om at det er mange fleire
faktorar som resulterer i sjukmelding eller eigenmelding i dag enn
tidlegare. Velstandsutviklinga har mellom anna ført med seg ei rekkje
livsstilsrelaterte sjukdomar, som stadig fleire av oss blir ramma av. I
tillegg kan kvardagsproblema våre utløysa fråvær. Familiekonfliktar, sorg og
skilsmisser er opplevingar som gjer at vi gjerne ikkje «orkar» å gå på jobb
- utan at dette nødvendigvis er ei god løysing. Å vera saman med andre på
ein arbeidsplass, og få tankane bort frå det som er vanskeleg, kan vera
minst like god medisin som å gå heime åleine.
Den norske sjukelønsordninga er unik i verdssamanheng. Ho gjev arbeidstakarar
100 prosent lønskompensasjon frå første dag - og stiller ingen krav til
mottakarane. Andre forsikringsordningar har gjerne ein eigendel som må
betalast når vi krev utbetaling, men den norske «helseforsikringa» kan vi
bruka både i tide og utide utan konsekvensar.
Trygdeforskar Kjell Vaage seier til forskning.no at vi har ei sjukelønsordning
som manglar sperrer mot misbruk og overforbruk. Og han har sjølvsagt rett.
Skal vi snu utviklinga, må folk merka at det har ein pris å vera borte frå
jobb. Så lenge vi får like mykje inn på lønskontoen enten vi er på arbeid
eller heime på sofaen, er det stor fare for at fråværet vil halda fram med å
auka.