Svært mange har allereie fått merka konsekvensane av noverande standard på
stamvegen.
Publisert: 09. mar. 2010, 10:28
Oppdatert: 09. mar. 2010, 10:28
Regionvegsjef Olav
Ellevset er uroa over standarden på vestlandstunnelane. Særleg
gjer den store trafikken mellom Bergen og Voss at det trengst utbetring. På
E16 er det strekninga mellom Indre Arna og Trengereid som er mest belasta.
Her tar tunnelane unna all ferdsel til og frå Hardanger - i tillegg til
vossetrafikken.
Det er på høg tid at Statens Vegvesen set fokus på stamvegnettet i Hordaland.
Her skal manglande vedlikehald ha ført til eit etterslep på langt over 700
millionar kroner. Og det er tunnelane som først og fremst er ei utfordring.
Fleire stader er trafikkmengda allereie så stor at det burde vore bygd
midtrekkverk, men framfor å utvida eksisterande tunnelar vil regionvegsjefen
skilja trafikken i to separate løp - i samsvar med dei nye krava som gjeld
frå 2019.
Svært mange har allereie fått merka konsekvensane av noverande standard på
stamvegen. Arnanipatunnelen har vore stengt rett som det er, både på grunn
av ulukker, utbetringsarbeid og vedlikehald. Resultatet er at trafikken står
i stampe på gamlevegen rundt Garnes. Her er det ikkje plass til at vogntog
kan passera kvarandre, og dermed korkar det seg. Med to tunnelløp kunne
desse situasjonane vore unngått.
Einvegskjørte tunnelar er dessutan svært viktige for trafikktryggleiken. Med
eit slikt tiltak vil ein eliminera alle møteulukkene, og medverka til at
talet på skadde og omkomne i trafikken går ned.
Å gjennomføra omfattande utbetringar krev nøye planlegging og mykje pengar.
Men det hastar å starta opp. Når regionvegsjefen ropar varsku om
stamvegnettet i fylket, bør politikarane lytta. Det er ingen tvil om at
trafikken vil halda fram med å auka. Utbetringsarbeidet må difor koma med i
Nasjonal Transportplan snarast råd.