Skrinlegg Arnadalen!



No bør politikarane lytta til brukarane, og leggja bort Arna-alternativet!


Publisert: 12. mar. 2010, 09:47
Oppdatert: 12. mar. 2010, 09:47


Ein ting er sikkert: Verken NSB eller andre transportørar ønskjer ein godsterminal i Arna. Dei vil til Flesland. No bør politikarane lytta til brukarane, og leggja bort Arna-alternativet!

Under debattmøtet i Ljoshall måndag fekk dei mange frammøtte klar melding frå dei som skal bruka ein framtidig godsterminal. Dei vil ha samlokalisering med den nye godshamna for bergensområdet. Difor er Arnadalen uaktuell. Problemet er at sterke krefter i Fana kjempar mot å rasera Fleslands-området endå meir. Flyplass, jernbaneterminal og godshamn på ein og same stad, kan få enorme konsekvensar for dei som bur i nærleiken. Dette kan føra til at politikarane vel ei mindre konfliktfylt løysing. Arna er altså framleis i faresona.

I Bygdanytt tysdag tok ostringen Arild Solberg til orde for å plassera godshamna og godsterminalen ved Samnangerfjorden. Han påpeika det som bør vera innlysande for alle: Flesland er ein blindveg. Trailerar som køyrer til Flesland for å lossa eller lasta varer, vil i hovudsak måtta returnera same veg som dei kom. Frå Samnanger vil ein kunna frakta godset vidare i fleire ulike retningar, og ein vil i større grad kunna unngå trafikk gjennom Bergen sentrum. Ei slik løysing vil krevja lange og dyre tunnelar, men er likevel verd å vurdera på nytt.

For Arna er det no viktig å fokusera på det absurde i å velja ei løysing som berre inneber jernbane- og trailerterminal. Skal ein arbeida framtidsretta, må det etablerast ei løysing der skipstrafikken er tatt med. Området i Arnadalen kan nyttast til anna næringsverksemd - i kombinasjon med bustader.

Uansett løysing er det viktig at dei som har fått bandlagt eigedomane sine i over 20 år, no får ei avklaring.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt