Ta ansvar for dyra!



Vanlege bønder lar ikkje dyra svelta i hel.


Publisert: 16. mar. 2010, 10:54
Oppdatert: 16. mar. 2010, 10:54


Trass i at Mattilsynet fleire gonger i vinter har gått ut og oppfordra bøndene til å ta godt vare på buskapen sin, har mange utegåande husdyr måtta bøta med livet. «Ein dyrekatastrofe» kallar veterinær Arve Viken funna av døde og utmagra sauer ved Storavatnet på Osterøy.

Minst 20 sauer er døde hittil, men mange fleire har nok hatt det svært vanskeleg på grunn av streng kulde og mykje snø. No har snøen lege tre månader i strekk. Det er svært uvanleg på våre kantar, og stiller ekstra krav til dei som lar dyra vera ute året rundt.

Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å finna næring i skog og mark når kong vinter tar kommandoen for alvor. Bøndene må difor ha hyppig tilsyn med buskapen, og leggja ut fôr på faste stader. Slik vil dei også kunna oppdaga sjuke og avmagra dyr.

Dessverre er det ikkje alle som tar dette ansvaret alvorleg. Enkelte lar også vera å merka utegåande sauer og geiter, slik at det er vanskeleg å spora eigarane.

Vi er heilt samde med landbrukssjef Lars Johan Fjelde i Osterøy når han hevdar at dette ikkje kan vera vanlege bønder sitt verk. For vanlege bønder lar ikkje dyra svelta i hel. Like fullt må det vera tragisk for både gardbrukarane og bondeorganisasjonane på Osterøy at det finst slike useriøse aktørar. Det gjev næringa eit dårleg rykte når det stadig dukkar opp saker i media om firbeinte som ingen tar hand om.

Vi vil oppfordra dei som eig slike dyr til å visa ansvar, og sørgja for at drifta kjem inn i ordna former. Det vil både dei og bøndene elles vera tente med.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt