Osterøy kommune er nøydd til å ta hand om dei som treng hjelp - sjølv om det
kostar pengar.
Publisert: 19. mar. 2010, 09:33
Oppdatert: 19. mar. 2010, 09:36
I rundt eitt år har Osterøy kommune halde ei avdeling på Osterøytunet stengt
for å spara pengar.Konsekvensen
per i dag er at fjorten eldre ikkje får ha einerom, men må bu
saman med ein annan person. Situasjonen er uverdig både for dei gamle og
deira pårørande.
Gjennomføringa at sparetiltaket vart gjort med bakgrunn i heradsstyret sitt
budsjettvedtak for 2009. Innsparinga i fjor var stipulert til 1,5 millionar
kroner, og heilårsverknaden for 2010 til 2,2 millionar. Rundt seks årsverk
blei fjerna.
No viser det seg at dei negative konsekvensane er blitt svært alvorlege.
Presset på dei som skal ta seg av pasientane er blitt så stort at
sjukefråværet er på full fart oppover. I tillegg er terskelen for å koma inn
på sjukeheimen blitt så høg at det i praksis nesten ikkje finst
korttidsplassar. Dette har i sin tur gjeve ekstra belastning på
heimetenestene. Ein tredje konsekvens er at kommunen ikkje er i stand til å
ta imot pasientar som er ferdigbehandla på sjukehus. Dette rammar igjen
Haraldsplass, som må la ostringar oppta sengeplassar i lang tid etter at dei
skulle vore utskrivne.
Det seier seg sjølv at slik kan det ikkje halda fram. Osterøy kommune er nøydd
til å ta hand om dei som treng hjelp - sjølv om det kostar pengar. Det er
difor gledeleg at rådmannen no går inn for å opna den nedlagte avdelinga att
i løpet av våren. Sjølv om det er uvisst kvar pengane skal hentast frå, er
vi ikkje i tvil om at forslaget vil få tilslutnad frå politikarane.
Erfaringa frå det siste året viser at det å gjennomføra millionkutt innan
institusjonsdrifta i kommunen ikkje kunne bli ei langvarig løysing.
Konsekvensane blei for store. Difor må rådmann og politikarar på nytt leita
etter andre stader å spara pengar. Det er ikkje vanskeleg å spå at blikket
vil bli retta mot skulesektoren - igjen.