Finst det ein vakrare stad å gifta seg enn ute i Guds frie natur?
Publisert: 23. mar. 2010, 08:13
Oppdatert: 23. mar. 2010, 08:13
To unge ostringar som gifta seg i tunet til Osterøy museum i vinter, fekk
ingen prest til å stå for vigselen. I staden måtte dei finna ein
dommarfullmektig som kunne få seremonien i hamn. Årsaka er at det å inngå
ekteskap i kyrkja sin regi utandørs berre kan gjennomførast på stader som er
godkjente av biskopen.
Det var dåverande biskop Ole D. Hagesæther som sende ut eit rundskriv om saka
i 2005. Han laga då ei liste over stader der prestar kan utføra vigsel.
Ingen av desse er på Osterøy, og berre ein er i Bergen: Kristkyrkjetomta på
Bergenhus.
Sokneprest i Hosanger og Hamre, Inge Sørheim, har gjeve uttrykk for at han er
sterkt usamd i denne strenge praksisen. Det var han som måtte seia nei til
det unge paret i vinter. Vi reknar med at svært mange andre prestar også ser
det uheldige i at det å inngå ekteskap i all hovudsak må skje i
kyrkjerommet. For finst det ein vakrare stad å gifta seg enn ute i Guds frie
natur? Skaparverket er vel i seg sjølv ein større og vakrare katedral enn
noko kyrkjebygg?
Etter vårt syn bør ikkje biskopen leggja seg borti kvar folk skal bli vigsla
til ektefolk. Det å inngå ekteskap er ei offentleg handling, men samstundes
svært privat. Det ligg ofte lang planlegging bak, og mange ønskjer å gjera
dagen spesiell og minnerik.
Dersom nokon vil ha utandørs vigsel, bør det vera opp til paret sjølv og den
lokale presten å bli samde om ein stad som eignar seg. Vi kan ikkje sjå
nokon grunn til at andre, overordna organ i kyrkja skal leggja seg borti
slike val.
Vi vil oppfordra kyrkja til å vera langt rausare overfor vanlege folk sine
tankar og ønskje når det gjeld kyrkjelege seremoniar. I denne samanhengen må
vel det viktigaste vera at nokon ønskjer å leva saman i ekteskap. Så får
heller andre omsyn vika. Rigide reglar som ingen ser poenget med, fører
berre til at folk vender kyrkja ryggen - og finn andre løysingar.