Kommunen må bla opp!



No har byråd Lisbeth Iversen det mandatet ho treng.


Publisert: 26. mar. 2010, 09:36
Oppdatert: 26. mar. 2010, 09:36


Bystyret i Bergen er opptatt av å få orden på parkeringssituasjonen i Ytre Arna sentrum. Måndag måtte byråd Lisbeth Iversen stå skulerett for bystyrepolitikarane og forklara kvifor det ikkje er etablert ei god nok parkeringsløysing før arbeidet med miljøgata startar opp.

Problema i Ytre Arna engasjerer både innbyggjarar og folkevalde. Møtesalen på skulen var fylt til siste stol då bydelsstyret inviterte til møte for ei veke sidan. Frykt for at dei næringsdrivande i sentrum ikkje vil klara seg gjennom anleggsperioden, dersom all parkering i anleggsområdet blir forbode, var det som engasjerte mest. Men også situasjonen etter at miljøgata er ferdig uroar svært mange. Kommunen har nemleg lagt opp til at det berre blir eit fåtal p-plassar att i sentrum samanlikna med i dag.

Byrådet sin strategi; å satsa på at løysinga kjem berre ein annonserer etter ledig parkeringsareal, er mildt sagt ein svært passiv måte å tilnærma seg problemet på. Alle veit at det ikkje finst areal i sentrum som ein kan ta i bruk til parkering utan store investeringar. Og med bystyret i ryggen bør Lisbeth Iversen no ha all den støtta ho treng for å gå inn i forhandlingane om eit parkeringshus. Både byrådet og bystyret må innsjå at det ikkje vil vera mogeleg å etablera ei permanent løysing på parkeringsproblemet utan at kommunen deltar i finansieringa.

Til bystyremøtet i april må byråden få på bordet kva det vil kosta å realisera eit parkeringsanlegg, og kor stor del av denne kostnaden kommunen må ta for at det skal bli noko av. Alternativt kan kommunen kjøpa arealet og sjølv stå for bygging og drift gjennom det kommunale selskapet Bergen Parkering. Uansett må kommunen no gå aktivt inn i ein konstruktiv dialog med partane i saka, og sørgja for at det blir oppnådd eit konkret resultat. Samstundes må ein gjera alt ein kan for at ulempene i anleggsperioden blir så små som mogeleg.

Miljøgata i seg sjølv er eit svært godt tiltak for Ytre Arna. Dersom parkeringsproblema blir løyste på ein rask og effektiv måte, kan staden kanskje få den revitaliseringa som alle håpar på.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Kjempa seg over ni fjelltoppar



Lesarbilete frå Arna 2



Midttuns bilete



Kjempa seg over ni fjelltoppar, Lesarbilete frå Arna 2, Midttuns bilete, Lesarbilete frå Osterøy 2, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt