Bokvandring frå Arna



Byens minste bokutån er blitt endå mindre. Kva skjer vidare med biblioteket i Arna?


Publisert: 30. mar. 2010, 08:38
Oppdatert: 30. mar. 2010, 08:38


Bokutlånet i Arna var frå før ein av byens aller minste. Den siste månaden har han blitt endå mindre, da leiinga ved Bergen offentlege bibliotek bestemte seg for å ta ein storopprydding i Ytre Arna. 3000 bøker og andre medium er tatt bort - og fordelt til andre bydelar der behovet skal vera større.

Ikkje berre er bøker er tatt bort - også hyller er fjerna, slik at bibliotekaren slit med å finna plass til nytt materiell. Og leiinga har bestemt at det skal satsast meir på skjønnlitteratur, medan breidde i utlånet har fått lida etter ryddesjauen. At folk i Ytre Arna reagerer på prioriteringane deira, burde i ikkje overraska bibliotekleiinga.

Men det er nok nesten berre folk i Ytre Arna reagerer - og der ligg det eigentlege problemet. Bygda har sin heilt eigen filial - og er privilegert i så måte - medan resten av Arna stort sett får intellektuelt føde frå hovudbiblioteket i sentrum eller bydelsbiblioteket i Åsane. Verken plasseringa, utvalet eller lokala gjev folk i bydelen eit rettferdig og godt nok bibliotek slik det er i dag.

Og det er ei kjensgjerning - det vart tross alt slått fast allereie i bibliotekplanen 1995 at det beste for arnabuane er eit boktilbod i Indre Arna. Folk i Arna bruker biblioteket mykje mindre enn den gjennomsnittlege bergensar, mye grunna mangelen på eit tilbod alle i bydelen tar del i. Hadde ein større del av befolkninga hatt eit forhold til det lokale biblioteket, ville ein kanskje ikkje opplevd at ein fjerdedel av tilbodet vert kutta til fordel for andre i Bergen - slik ein i vinter har fått oppleva.

Sidan 1995 har biblioteket bedt om å få utvida i Arna , men planane står bom stille. I 15 år har det mangla ressursar til å utvida utlånet i Arna. Det er på høg tid at byrådet ser på bibliotekplanen - igjen - og svarar på følgjande spørsmål: Er han berre ein vits? I dag verkar det nemleg slik. Medan vi ventar på svar, vert tilbodet i Arna sakte, men sikkert innskrenka.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt