Både i Arna og på Osterøy opplever barnevernet kraftig auke i
saksmengda. Tendensen er den same i resten av fylket. Årsaka til utviklinga
er samansett. Skuleskulk, rusproblem, oppløyste familiar, vald i heimen,
omsorgssvikt, seksuelt misbruk og psykiske vanskar er slikt som kan føra til
at barnevernet blir kopla inn. Særleg verkar det som rusrelaterte årsaker er
i ferd med å ta seg opp.
Dette betyr ikkje nødvendigvis at det er fleire familiar som strir med
vanskar no enn før, men at fleire av sakene kjem opp til overflata - og blir
melde til barnevernet. Tidlegare var det å hamna «i klørne» på denne
offentlege etaten noko folk flest frykta, fordi dei kunne missa ansvaret for
borna sine. I dag er dette synet i ferd med å endra seg. Ein del saker endar
framleis med omsorgsovertaking, men i langt fleire tilfelle får familien
hjelp til å handtera problema sine på ein konstruktiv og fruktbar måte.
Arna bydel skal ha ros for si satsing på familieråd. Her blir
nettverket rundt barnet trekt inn for å betra situasjonen. Målet er å setja
barnet og dei pårørande i stand til å løysa problema, slik at dei framleis
kan leva saman.
Også satsinga på «Familiens hus» på Osterøy og det nye
familiesenteret for Arna og Åsane er døme på at ein tenkjer nytt i
familieomsorga. Det viktige er at barnevernet framstår som ein instans som
vil det beste for både born og foreldre. Av og til er ikkje dei pårørande i
stand til å takla utfordringane det inneber å ha ansvaret for eit barn eller
ein ungdom, men i dei fleste tilfelle kan dei meistra livet vidare berre dei
får rettleiing og assistanse. Det er dette som no er i ferd med å bli meir
tydeleggjort. Heldigvis.
Erfaringa viser då også at mange born ikkje får det betre om det
offentlege overtar ansvaret for dei. Det finst nok av døme på unge som blir
sende frå fosterheim til fosterheim, eller frå institusjon til institusjon,
og som hamnar «på kjøret» medan dei er i barnevernet si varetekt. Difor er
det positivt at det er blitt meir fokus på å hjelpa born og pårørande i
heimen. I mange tilfelle vil det gje eit betre liv for borna enn å
omplassera dei.