Useriøst frå Jernbaneverket



Det er oppsiktsvekkjande når Jernbaneverket trenerer ei sak i så stor grad.


Publisert: 13. apr. 2010, 10:55
Oppdatert: 13. apr. 2010, 10:55


Det er vel ikkje noko nytt at ting tar tid med offentlege etatar. Det er likevel oppsiktsvekkjande når Jernbaneverket trenerer ei sak i så stor grad som dei har gjort når det kjem til Gamle Vossebana, som strekkjer seg frå Heldal i Fana til Garnes i Arna.

Etter ei dødsulukke på ei av bruene på den gamle veterantoglinja i fjor vinter var Jernbaneverket, som eig og har ansvaret for alt frå stasjonar til signalanlegg, raskt ute og lova sikringstiltak. Delvis sikring av bruer og nye åtvaringsskilt langs bana tok meir enn eit halvt år å setja i verk.

Det aller viktigaste lar likevel enno venta på seg. Jernbaneverket annonserte at dei ville ut på ein omfattande kampanje til skulane i Arna, der dei ville læra borna at det både er ulovleg og farleg å gå på togsporet. Alle skulane skulle få besøk - og dei yngste i bydelen skulle bli opplærte til ikkje å bruka den gamle jernbana til skuleveg eller skispor.

«Vi må få til ei haldningsendring i Arna» proklamerte Jernbaneverket etter ulukka i fjor. Først 30. april i år kjem denne kampanjen i gang. Det får Bygdanytt stadfesta frå informasjonssjef Inge Hjertaas, som var den som skisserte planane om skulebesøk. Dei har vore i Fana, men ikkje på ein einaste skule i Arna.

Det er positivt at dei no endeleg kjem i gang, men då har det gått meir enn eitt år sidan lovnadene kom. Det er ein ting at Jernbaneverket bruker uhorveleg lang tid for å betra tryggleiken for sine eigne tilsette - og for naboar langs jernbanelinja. Langt verre er den haldninga dei viser overfor folk i Arna. Ved å somla som dei gjer - og har gjort - viser dei at dei ikkje tek seriøst at arnabuar har eit mykje tettare forhold til jernbana enn det andre bergensarar har. Om dei ikkje trappar opp arbeidet når det gjeld jernbanetryggleiken i bydelen, risikerer dei å ikkje bli tatt på alvor når dei seinare skal nå ut til folk i Arna.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt