I dag brakar det laus igjen. For 19. gong blir det skipa til
kulturdagar i Arna. I løpet av halvanna veke skal det avviklast rundt 60
arrangement i bydelen. Det er berre å ta hatten av for alle dei frivillige
som fyller scener, kulturbygg og kyrkjerom med aktivitet.
Kulturarbeid er sosialt, skaper trivsel og byggjer identitet. Både dei
som er utøvarar og dei som er publikum har stor glede av tiltaka som blir
gjennomførte. I år kan lokale arrangørar by på alt frå gardsbesøk til
rockekonsertar og besøk av kjende artistar. Her skulle altså vera noko for
ein kvar smak.
Truleg er fleire tusen personar i Arna engasjerte i kulturaktivitetar
kvar einaste veke: Frå dei minste som går i barnekor til dei godt vaksne i
pensjonistlag eller andre foreiningar. Kulturlivet står sterkt, sjølv om ein
har fått hard konkurranse frå både TV og sosiale møtestader på nettet som
Facebook og Twitter.
Alle små og store organisasjonar i Arna og Osterøy er med på å gje
innbyggjarane ei aktiv fritid - og ei kjensle av å høyra til. Dette er
viktig i eit samfunn der stadig fleire bur åleine. Alle treng eit nettverk
rundt seg, og ved å dyrka fritidsinteresser saman med andre får ein trivsel
og vennskap på kjøpet. Både idrett og kultur kan vera viktige element på
vegen til det gode liv.
Innbyggjarane i Bergen er så heldige å bu i ein kommune som satsar
aktivt på kulturfronten. Kulturkontora i bydelane gjer ein uvurderleg
innsats når det gjeld å støtta opp om lag og organisasjonar, og leggja til
rette for eit aktivt kulturliv i dei ulike delane av kommunen. Mange
organisasjonseigde kulturbygg får også verdfulle tilskot.
Kulturkontoret for Arna og Åsane er ei drivkraft i arbeidet med
kulturdagane. Dét gjev resultat, og gjer dette til ei mønstring Arna kan
vera stolt av. No gjenstår det berre at publikum nyttar sjansen til å få med
seg dei mange kulturopplevingane som står på programmet dei neste ti dagane.