Dop og homohets



Det tyder på at desse emna framleis er tabu i det lokale sportsmiljøet.


Publisert: 23. apr. 2010, 08:25
Oppdatert: 23. apr. 2010, 08:25


Er det slik at problema ikkje eksisterer dersom vi lukkar augene eller stikk hovudet i sanden? Det kan nesten verka slik etter Osterøy Idrettsråd sitt møte om dop og homohets i idretten. Det elendige frammøtet tyder på at slike emne framleis er tabu i det lokale sportsmiljøet.

Dei hadde håpa å fylla aulaen på Osterøy ungdomsskule, Arne Selstø og Liv Marie Stenvold i idrettsrådet, då dei inviterte til konferanse med store kapasitetar frå politiet, idrettsforbundet og Antidoping Norge. Men dei fleste idrettslaga glimra med sitt fråver. Slikt er både skuffande og trist.

Idretten engasjerer tusenvis av born, unge og vaksne i Arna og Osterøy, og gjer eit svært viktig arbeid innan fysisk fostring. Å halda folk i aktivitet og god form er den viktigaste medisinen mot fedmeepidemien som spreier seg i den rike delen av verda. Men framfor alt er idrett konkurranse. Alt dreier som om å bli best; vinna flest kampar og ta dei gjevaste medaljane. For å oppnå dette tyr altfor mange til kunstige stimuli. Særleg toppidretten er blitt ein arena for ureint spel og umenneskelege krav.

Doping er skadeleg, uetisk og øydeleggjande for både utøvarane og idretten. Difor er antidopingarbeidet så viktig. Og difor burde alle idrettsleiarar ha kunnskap om emnet - og bruka tid på det - også på lokalplanet.

På same måte er homofili eit forsømt område. Dei fleste tør ikkje stå fram med si legning i mindre lokalsamfunn av frykt for konsekvensane. Og innan idrettsmiljøa høyrer ein svært sjeldan om homofile utøvarar. Også her har dei lokale idrettslaga ei oppgåve å gjera. Å arbeida for likeverd og toleranse, særleg blant born og unge, vil gjera organisasjonane opne for alle - uavhengig av legning, hudfarge og religion. Blir dette tatt på alvor av styre, idrettsleiarar og trenarar, kan mykje bli oppnådd.

Dop og homohets er ikkje noko problem i vårt lag, tenkjer du kanskje. Men kan du vera sikker? Det vi skyv under teppet kjem sjeldan fram i lyset før vi tar ei skikkeleg reingjering.





Abonner på Bergens Tidende


Panoramabilete frå Arna og Osterøy

Panoramabilete frå Osterøy med lyd. Du treng Quick Time for å sjå bileta. Programmet kan du laste ned gratis her.

Velg Hamre kyrkje, alterringen
Velg Hamre kyrkje, skipet
Velg Jenter i Lonevåg
Velg Osterøy museum


Slik kan du bidra

Skriv til oss om ting som skjer der du bor! Du treffer oss på bn@bygdanytt.no














Mitt sted

Bildegalleri
Midttun sine nye bilder



Lesarbilete frå Osterøy 3



Lesarbilete frå Arna 3



Midttun sine nye bilder , Lesarbilete frå Osterøy 3, Lesarbilete frå Arna 3, Slik feira vi 17. mai, vis alle








 
   Nyhetsarkiv

 
   
           
Redaktøransvar Ansvarlig redaktør: Hallvard Tysse
Copyright © Bygdanytt
Øyrane Torg, Pb 134 Indre Arna, 5888 Bergen
Telefon: 55 53 57 70, fax: 55 53 57 80
E-post: bn@bygdanytt.no
Tips Bygdanytt